Om å kjøpe sand i Sahara
Sildrande, rennande, fossande, flytande. Vatn kjem på mange måtar – og i stadig fleire smaksvariantar.
FLASKEVATN
Få romerske gudinner har gjort så dårleg karriere som Salus. Ho var gudinna for helse. Men sjølv om få i dag veit kva mytologien seier om ho, har iallfall bodskapen hennar vunne fram. Menneska, særleg i den vestlege verda, har aldri vore så opptekne av helsa si som no.
Det viser seg også i Noreg, blant anna i form av eit sterkt dalande brussal. Brus er kanskje sjølve symbolet på ein usunn livsstil, og i februar kunne analysebyrået ACNielsen melde at salet av sukkerhaldig brus sokk med tolv prosent i 2005.
Det er heller ikkje mange som kjenner til kjeldevatnet Salus, som vart tappa i august 1907. Men som den romerske navnesøstra har flaskevatn vunne fram i den moderne tid. For medan brussalet har falle dramatisk, sprengjer salet av vatn på flaske alle demningar. Nordmenn kjøpte vatn for 684 millionar kroner i fjor, ein auke på 19 prosent.
Vil dette talet stige til vers? Nei, trur trendforskar Ole Petter Nyhaug i analysebyrået Fishnet Nordic.
– Salet av vanleg flaskevatn har nådd toppen, seier han.
Nyhaug spår at marknaden vil omfavne den nye trenden: smaks- og vitamintilsett vatn.
– Tendensen vil bli at fleire og fleire vassprodukt vil få profilerte eigenskapar. Vi vil få vatn som er tilsett ulike smakar, vitaminar og mineral.
For ein kvar smak
Dei største bryggeria har sett det same som Nyhaug. Det er grenser for kor lenge det er spennande å kjøpe vanleg vatn, sjølv om det er tappa frå ei kjelde med eit høgtideleg namn.
Tidlegare sat bursjoasiet med blåfarrisen i handa og humra diskret av dei som i si vankunne valte vatn med ei dråpe sitron eller lime. Slik er det ikkje lengre. I fjor vår lanserte Ringnes Farris Bris – ein mindre boblande og mildare variant av storebroren – med eksotiske smakar som mango/papaya og lemon/lemongrass – eller sitron/sitronskal, om du vil.
Og påfunna ville ingen ende ta.
Ikkje før forbrukarane hadde fått svelgt unna siste munnfull med Farris Bris, blei Farris Pluss lansert. Og marknadsføringskonsulentane har ikkje lege på latsida. Du kan velje mellom pære, sitronmelisse og ginseng eller grapefrukt, lime og guarana.
Internkonkurransen i Ringnes-konsernet skal ingen klage på. Imsdal – stillvatnvarianten til Farris – får du no også med solbær/ginseng og pære/ingefær.
– Vassmarkaden er slik at du stadig må lansere nye produkt for å få vekst, seier Liv Berg i Ringnes.
Det har også konkurrenten Hansa Borg forstått. I februar såg derfor Olden Boble med smakar som eple og solbær dagens lys.
– Vi skal vere innovative og finne på ting som har god smak. Produkta våre skal utmerke seg, seier marknadsføringsdirektør Lisbeth Hope Frugård i Hansa Borg til TV 2 Nettavisen.
Galskap?
Men kvifor bruke så mykje pengar på noko dei fleste kan tappe gratis frå springen? Det er spørsmålet dei snusfornuftige blant oss har stilt sidan produkta Imsdal og Olden dukka opp.
– At folk bruker mykje penger på å kjøpe vatn viser at nordmenn har altfor god råd, seier talsmann Steinar Lem i Framtida i våre hender.
– Å selje dyrt flaskevatn i Norge er som å selje dyr sand i Sahara, tordnar han.
Lem meiner at vasstrenden er latterleg og viser til ei undersøking i regi av Norsk institutt for vannforskning (NIVA) som viser at vatn i springen faktisk er reinare enn kjøpevatn på flaske.
– Noko av det mest absurde eg ser, er folk som klager over at bensinen er for dyr. Men når dei har fylt tanken, går dei inn på bensinstasjonen for å kjøpe pølse og flaskevatn.
Sjølv om sterke marknadsføringskrefter kan påverke forbrukarane, meiner Lem at det er sistnemnte som sit med hovudansvaret.
– Vi lever i eit fritt land, og det er ingen som tvinger folk til å kjøpe vatn på flaske. Men flaskevatn har fått ein veldig høg status. Det er liksom så kult og moderne å drikke kjøpevatn, seier Steinar Lem.
Brus er ut
Spørsmålet er om kjøpevatn er ein konkurrent til springvatn. For brussalet dalar like fort som vassalet stig.
– Folk har blitt meir medvitne på helseaspektet ved forbruket sitt. Det er heilt klart grunnen til at fleire vel vatn i staden for brus, samstundes som det er blitt mindre trendy å drikke brus. Det er moderne å vere helsesam. Og dersom du drikk flaskevatn, viser du at du er det, seier Ole Petter Nyhaug i Fishnet Nordic.
Tendensen er den same i heile Europa.
– Vi ser den same utviklinga internasjonalt. På mange område heng Noreg litt etter. Brussalet i Noreg har eigentleg vore kolossalt dei siste åra, og sjølv om fallet no er ganske dramatisk, er brussalet framleis mykje større en salet av flaskevatn, seier Nyhaug.
Kva slange?
Salus er gløymd i dag av dei fleste. Dei som vitjar musea kan studere ho på gamle myntar, der ho matar ein slange. For romarane var slangen eit symbol på helse, og denne slangen lever i dag også – blant anna i flagget til Verdas Helseorganisasjon (WHO).
Men slangen kan også vere eit symbol på upåliteligheit og bedrageri.
Spørsmålet er: Kva slange står bak farsotten kjøpevatnet? Er det den helsegjevande slangen; eller er det den utspekulerte, svikefulle slangen – som lurer oss til å bruke pengar på noko vi kunne fått gratis?