
Tilbake til 90-talet
Dr. Bombay tok Storsalen med storm, men det varte ikkje så lenge.
Dr. Bombay er ein kar som mange kanskje hugsar som ein indisk taxisjåfør frå det gylne 90-talet. På fredag var han tilbake med "Rice and Curry" i Storsalen på Samfundet.
"Hurry hurry hurry, I eat my rice and curry"
Foto: Øyvind Aak, Under DuskenDR. BOMBAY: Maren Oulowsen prøver seg på ei etterlikning.Platåsko, midtskill og slengbukser. I eit regn av neonstenger frå alle retningar kunne ein sjå ein mann med svart turban og runde briller sprette rundt på scena til fengande rytmar.
Sjå bileta fra 90-talsfesten her
Med enkle melodiar og songtekstar var det ikkje vanskeleg for Dr. Bombay å vekkje dansefoten til studentane. Det var tydelegvis heller ikkje noko problem for korkje han eller publikum å spele dei same songane, om og om igjen. Konserten var kort, men det la likevel ikkje lokk på stemninga.
– Konserten var veldig kort, men det var vel verdt prisen, seier to som Under Dusken møtte i gongen etter konserten.
Barndomsminner
Mange av dei oppmøtte var tydeleg inspirert av 90-talets barndomsidoler, alt frå Team Rocket til Backstreet Boys var å oppdrive i Samfundets lokaler. I tillegg var det kun 90-tals musikk som vart spelt på anlegga i huset, noko som forsterka heile følinga av ei tidsreise til eit anna tiår.