FYRST MOBBA, SO SJUK, SO MOR: Anna Odell har aldri levd eit normalt liv utan å vera mor.

– Korleis hjelper ein eit menneskje?

Anna Odell er kjend i Sverige både for kontroversielle stunt og som filmregissør. No kjem kunstnaren til Trondheim med utstillinga, Rekonstruksjon - Psyket.

Publisert Sist oppdatert

Rekonstruksjon - Psyket er ei undersøking av korleis ein handterte det eg opplevde at berga meg då eg var tvangsinnlagd.

Anna Odell hadde fått diagnosen schizofreni, og samtidig som ho var tvangsinnlagd, vart ho gravid med ein av sjukepleiarane sine.

– Det var det som gjorde at eg fekk til å taka livet i ei meir normal retning. Men dette var sjølvsagt strengt forbode og i mot alle reglar.

Då ho fekk sjå journalen sin, viste det seg at ingenting var ført etter at dei fortalde om forhaldet, til trass for at han var flittig fyllt ut fram til det tidspunktet.

– Dette verket er, like mykje som eit kunstverk, ein research til ein TV-serie eller film der dette er del av handlinga.

Rekonstruksjon - Psyket er eit kunststykkje med både ein film og foto. På fotoa er ho sjølv motiv, i lag med ei dokka av henne. I filmen har ho samla fagpersonar som fekk lesa journalen og spelar at dei arbeider i lag på denne institusjonen.

– Dei får gradvis vita meir og meir om situasjonen, at pasienten har eit forhald til sjukepleiaren, har vorte gravid, har slutta å taka medisinen sin. Og til slutt at det er eg som er pasienten.

HIERARKI: Eit tema som går att i kunsten til Anna Odell er maktstrukturar.

So ringde ho opp nokre av dei som faktisk arbeidde med henne.

– Eg forsøkte å undersøkja kva dei tenkte under behandlinga, korleis dei prata med kvarandre. Det viste seg at mange hadde gjort seg veldig spesielle idear om meg, meir som den gamle ideen om den schizofrene, klønete personlegdomen.

Og det er dette dokka representerer – dette biletet av den schizofrene.

 LES MER:  Fra oljen har du kommet, til sirkulærplast skal du bli

Som å koma inn i ein film 

Ho seier at eit tema som går att i mange av verka hennar er hierarki.

– Eg har brukt meg sjølv og mine eigne opplevingar for å fortelja noko om maktstrukturar. Her hadde eg frå starten ein tanke om å laga ein TV-serie eller film.

So vart ho kontakta av Uppsala Universitet, som leita etter ein «artist in residence».

– Og dei spurde om eg ville søkja. Dette var innanfor senter for medisinsk humaniora, so eg tenkte at det passa supergodt å gjera det samtidig som eg gjorde research til denne filmen.

– Det er ofte tilfeldigheiter som avgjer kva eg lagar kunst av. Ei hending i livet, eit møte med nokon eller eit minne. Det fyrste verket mitt vakte utruleg mykje merksemd og debatt i Sverige.

Verket ho snakkar om – Ukjent, kvinne 2009 - 349701, frå 2009 – var ei iscenesetjing av ein psykose på ei bru i Sverige. Sant nok av noko ho hadde opplevd sjølv tidlegare.

– Eg var på veg heim ein sein kveld over same bru som eg sjølv hadde vore på ved eit psykoseanfall. Og so møtte eg ei jente i akkurat same situasjon.

Ikkje berre var ho i same situasjon, ho var på same alder som ho sjølv var då ho opplevde det.

– Det kjendest uverkeleg. Det var som å koma inn i ein film.

Og då ville ho gjera film av det sjølv.

–  Når ein fylgjer regelboka eller når ein ikkje fylgjer henne?

Ho ringde til alle akutte psykiatriske klinikkar i Sverige på førehand og fortalde om kva ho skulle gjera.

– Eg sa sjølvsagt ikkje namnet mitt, men eg ville høyra kva dei ville gjera viss eg iscenesette ein psykose.

Og svara var at dei ikkje kom til å lata seg lura.

– Men dei nekta for at eg kom til å hentast og leggjast i belte sjølv om eg skulle klart å overtyda dei.

Men ho fortel at det var akkurat det som hende.

– Og det var akkurat slik som dei skreiv det i journalen då eg var tvangsinnlagd. Dei skreiv at eg slost og at eg beit.

VARSLA: Ho varsla alle akuttklinikkar i Sverige før ho iscenesette psykosen i 2009.

Men det seier ho at ho ikkje gjorde, korkje då ho var innlagd eller under kunststykkjet.

– Der var ingen ansvarleg lege til stade som tok beslutningane, slik dei hadde lova. Det er noko viktig for meg i dette, at ein i møte med autoriteter ikkje har noko makt, at ein ikkje vert trudd. Om ein skal ha so mykje makt, so er ein nøydd til å forhalda seg til sanninga.

Ho seier at dette verket heldigvis har brakt med seg endring.

– Ein psykiater som heiter Ing-Marie Wieselgren sa at dei hadde sett i gang ei utreiing som fylgje av det eg gjorde. Ho sa at dei hadde gjort mykje innanfor tvangsomsorg.

Ho anerkjenner at det ikkje er lett å arbeida i psykiatrien.

– Det er noko av det vanskelegaste ein kan gjera. Korleis hjelper ein eit menneskje? Viss eit menneskje fyrst har ein vanskeleg sjukdom og so vert friskt, kva var det som gjorde det friskt? Kva gjer at nokre ikkje vert friske? Er det når ein fylgjer regelboka eller når ein ikkje fylgjer henne?

– Livet byrja då eg fekk born

Hennar neste prosjekt, slik som dei tidlegare, handlar om maktforhald. Men denne gongen om eit maktforhald der ho er på andre sida.

– Eg har byrja å jobba med makta ein har over sine eigne born.

Det er òg noko av grunnen til at sonen hennar er med i delar av Rekonstruksjon - Psyket, og at ho har lagd ei tilsvarande dokka av sonen.

– Det var ein slags overlapp som både funkar med dette verket og er relevant for det neste verket.

Ho har to born sjølv, eitt på 27 og eitt på 6 år.

– For meg byrja livet då eg fekk born. Fyrst var eg mobba, so var eg sjuk, før eg vart mor. Eg har aldri opplevd eit normalt liv utan å vera mor.

Ein tvilar 

– Samtidig er eg på eit sett ein usikker person. Då treng eg å finna ut om eg har opplevd hendingar riktig. Er det eg som har misforstått? Eg treng å undersøkja det og gjera det synleg både for meg sjølv og for andre.

Nokre folk kjenner ikkje på denne tvilen til seg sjølv.

– Eg tenkjer at det er lett å vera eit menneskje som veit allting. At «eg er bra, du er dårleg», «eg veit at viss eg gjer slik, so fylgjer dette». Nokre menneskjer er berre slik. «Gjer ein sånn so er det riktig, gjer ein sånn so er det feil».

Sjølv stiller ho seg kritisk til det som kan verka opplagt for andre.

– Eg tenkjer «ja, gjer eg sånn so er det riktig, men samtidig er det feil, fordi det eine og det andre. Det kan vera bra eller dårleg, det er avhengig av om det er no eller seinare».

Ho er ein som stiller mange spørsmål til seg sjølv og til alt, seier ho.

– Eg trur at eg er sjølvmedviten. At eg er ein tvilar. Eg tenkjer innimellom at eg ikkje veit nokon ting.

 LES OGSÅ:   Dei usynleggjorde studentane

Powered by Labrador CMS