Leiar

Kvinnehelse er folkehelse

Mange kvinner har nok i løpet av sine menstruerande år lege samankrølla på baderomsgolvet og tenkt: «Er dette normalt?»

Publisert

Oktober er månad for Rosa sløyfe, ein aksjon som skal sette brystkreft i fokus. Det er den hyppigaste kreftformen hos kvinner, men har heldigvis fått veldig høg overlevingsrate, takka vera forskinga. Likevel har me ein veg å gå med å rette merksemd mot andre kvinnesjukdommar.

Omtrent éin av ti kvinner har endometriose – ein tilstand kor vev som liknar livmorslimhinna veks utanfor livmora. Sjukdommen er vanlegast hos kvinner mellom 20 og 40 år og kan gi sterke smerter, store uregelmessige blødningar og vanskar med å bli gravid.

I gjennomsnitt tek det sju år å sette diagnosen og sannsynlegvis er det mange mørketal. Det betyr at mange kvinner må slite med symptoma lenge utan behandling. Kva anna smertefull sjukdom kan ein gå sju år med utan at helsevesenet tek det på alvor?

Dette er berre eitt av mange symptom på eit samfunn som nedprioriterer kvinnehelse. På 1800-talet var «hysteri» ein vanleg diagnose å sette på dei som vart opplevde som overdrivent følelsesmessige. Ordet kjem frå gresk og betyr bokstaveleg talt «livmor».

LES OGSÅ: Nå har du muligheten til å bestemme hvem som skal representere deg det neste året ved NTNU

Omgrepet har heldigvis funne vegen ut av den moderne medisinen, men sit nok att i ryggmargen hos mange. Desse kvinnene som masar om vondt i magen og ei kjensle av at noko er gale må berre ta seg ein Ibux og ta seg saman. Til og med den forrige statsministeren vår insinuerte at alle kvinner, i likskap med ho, bør kunne gå på jobb med mensen.

I denne utgåva av Under Dusken kan du lesa om ambulansearbeidar og sjukepleiar Magny Sørensen som har hatt endomentriose sidan barndommen. Ho måtte dokumentere blødingane sine for å bli trudd av legen. Ho fortel at sjukdommen hennar blir bortforklara med psykiske utfordringar. For ho vart diagnosen ein bekreftelse på at ho ikkje var gal.

Me skal ikkje undergrave kunnskapen og intensjonane som så mange norske legar sit på. Nokre diagnosar tek tid å sette og er vanskelege å behandle. Likevel ser ein eit mønster i kva kroppar som blir forska mest på og korleis rapportering om smerter blir oppfatta ut frå kjønn.

Skal me legge kvinnehelsetabuet dødt må me snakke høgt om utfordringane våre. Då er det viktig at me som samfunn, helsevesen og medmenneske tek kvinner på ordet. Og ikkje minst er det viktig at me stolar på oss sjølv når det kjennest som at noko er gale. Ikkje godta for deg sjølv det du ikkje ville godtatt hos bestevenninna di.

LES OGSÅ: Kan bli dyrt å forbedre karakteren sin

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS