Leiar

Språklova er ikkje frivillig, NTNU

Nynorskbrukarane fortenar ein naturleg plass på universitetet, på lik linje med alle andre.

Publisert

Då Språkrådet gjennomførte sitt årlege tilsyn på offentlege institusjonar i sommar, kom det fram at NTNU ikkje er i nærleiken av å nå krava til språkmangfald.

Sentrale statsorgan skal bruke mellom 25 og 75 prosent av nynorsk eller bokmål for å fremme likestilling mellom målformene. Likevel er berre fire prosent av all tekst på nettsidene til NTNU på nynorsk. Det sender eit signal til studentane som kjem frå nynorskregionar.

At språklova ikkje blir følgde viser ikkje berre ein mangel på tiltak. Sidan kravet vart innført har NTNU fått strykkarakter. Dette tyder på ein systematisk underrepresentasjon av nynorskbrukarar i akademia.

Nynorskbrukarar er ikkje berre nerdete nordiskstudentar eller vestlandspatriotar. Det er folk frå alle krikar og krokar av landet som har eit meir eller mindre bevisst forhold til språket sitt. Dei skal ikkje trenge å ta opp ein kamp for å bruke målet dei er vakse opp med.

Bjørner Flittie Utgaard og Johannes Rønning frå Studentmållaget Nidaros seier til Under Dusken at dei opplevde vegen til å bruke hovudmålet sitt i akademia som lang og kronglete.

Om du som brukar nynorsk vil bli møtt med ditt eige språk, må du aktivt velje bort bokmålet. Det er ikkje alle nynorskbrukarar som har det pågangsmotet til Linda Eide. Då endar ein fort opp med å melde seg opp til fag og ta eksamen på bokmål.

Offentlege organ har fleire plikter dei skal følge for å styrke språkmangfald, men den viktigaste er denne: kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa. Det klarar dei ikkje så lenge ein ubetydeleg andel av språket deira er retta mot dei opp til 15 prosent av oss som skriv nynorsk.

Alle har rett til å både bruke og lesa hjartespråket sitt og ingen har vondt av å bli eksponert for ei målform ein sjølv ikkje brukar i det daglege. Meir mangfald i språket rundt oss fremmar språkglede, bygger toleranse og trenar språkøyret.

Forsking har vist at nynorskelevar gjer det betre på nasjonale prøver enn bokmålselevar. Det betyr ikkje naudsyntvis at målforma i seg sjølv gjer ein smartare. Likevel set skulane med overvekt av nynorskbrukarar meir fokus på godt språk, og elevane blir naturleg eksponert for begge målformene.

UH-sektoren er avhengige av tilsette og studentar med gode språkkunnskapar. Her kan dei lære av nynorskskulane og gje meir rom til begge målformene ved å sette fokus på den som er mest underrepresentert i samfunnet elles.

Hovudmål skal vera valfritt. Det blir det ikkje i praksis så lenge bokmål er standarden.

Språkidentiteten er sterk for mange, men i eit samfunn som stort sett seier «jeg» og «ikke» skal ikkje mykje til for å viske han ut.

LES OGSÅ: Dopamin til folket

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS