ÆSJ: Eg går heller for eit gamalt bilde, for å skåne dykk for sjølve albumomslaget. Ikkje at dette er betre. Grøss.

­SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT

Magnus melder: kUKEkoret sin albumgrafikk

Favorittspalta di er komen på nett, og som passande er, er vi tidleg på ballen og melder albumomslaget allereie før fredagens platesleppkonsert.

Publisert

Fyrst ut til å møta min skarpe raudpenn på internettet, er ingen ringare enn kUKEkoret Pirum. Aller mest fordi at om vi er ærlege, so finst det vel knapt nokon ringare enn nettopp dette "manns"koret.

Vi får starta med elefanten – nei, vent, det er jo pikepirum, det – men altså kukaduren i rommet. Horisten i sofaen. Han ser neimen ikkje ut til å vera klår for å gripa dagen etter festen. Men slik er vel livet som endetarmsstøytfangar.

Blikket mitt glir vidare ned i høgre hjørne. Er det ein dokost? Nei, no ser eg det. Det er faen meg Reitan-reklame. No synk de lågt, gutar. Eg vil heller ha eit dokostkvad på plata.

Elles kan det sjå ut til at de har selt sjela dykkar til eit visst Trondheims-bryggeri. Javel? Eg vert heller ikkje beger-visare av dei omtrentleg tomme kUKEglasa. Endå meir reklame. Trudde omslaget skulle handla om dykk sjølv.

So har nok òg kukaduren vore på sykkeltur på brusteinen på Bakklandet, øydelagt sykkelen og fått sykkelsetet litt for langt inn i si vide endetarmsopning. So langt at han gløymde å trekkja han ut før han gjekk inn, for kven faen er det som har med seg sykkelen inn i stova?

Nei, det er nok berre å konkludera med at om konserten på fredag vert like skremmande dårleg som omslaget, so er han ikkje verd dei skarve 90 kronene. Men kanskje eg skal ta turen likevel. Nokon må jo fortelja desse stakkarane kor jævlig dei gjer det.

Powered by Labrador CMS