Vegetarburgar med hint av barnebursdag

– Dette var ikkje eit særleg godt tilbod, seier Herbamare etter å ha ete seg god og mett.

Publisert

Mat fra hagen

Miljø: 5 (Veldig bra for miljøet)

Service: 4

Mat for pengane: 3

Total: 3

Dei to gastronomiske genia har teke måndagen på alvor og bestilt det mest fornuftige av midtbyens 150-kronerstilbod: sunn, berekraftig burgar frå Mat fra hagen.

Grøne fingrar

Matmeldarane plasserer seg godt ved eit stort vindauge, omgitt av bregnar, gullranker, aspidistra og bjørkefiken. Den vesle hurtigmatkjeda sin gjennomførte grøne profil verkar særleg appellerande på europeiske utvekslingsstudentar og turistar, og ein høg prosentdel av samtalene er av framandspråkleg art.

– Her har dei verkeleg teke plantebasert på alvor, kommenterer Gastromat og peikar observant på ei utepute dekorert med grøne planter.

Dei skulle gjerne ha testa den hyggelege uteplassen, hadde det ikkje vore for dei høge skyskraparane som blokkerer totalt for tidlege stålar av vårvarme.

«Santa Maria!»

Burgarane kjem raskt til bordet etter bestilling. Dei er lekkert dandert med søtpotetfries og eit lite beger med oransje dressing på sida. Det passar dei to svoltne bautaane bra, så det tek ikkje lang tid før dei begge er godt inn i måltidet.

Den stuttjukke plantebaserte burgaren ligg godt gøymd blant eit lag Santa Maria nachochips, inntulla i bleik burgarbakst med endå bleikare sesamfrø på.

– Det ser ut som billig kneippbrød, kommenterer Gastromat.

– Det smakar også slik. Dei har nok gløymt å putte meierismør i deigen, fniser Herbamare.

Det er ingen nemneverdig smak på sjølve burgaren. Han er vegetarisk og mettande, men manglar den karakteristiske tøtsjen av noko pikant. Dei kulinariske kløpparane er einige om at vegetar er best når ein ikkje prøver å skjule det. Samtidig gjer det seg med innslaget av sprø nachochips, som bryt med dei mjuke konsistensane.

– Greie fries, seier Gastromat og sender eit langt blikk mot restane av dei tjukke som ligg igjen i Herbamare si skål, lik fingrane i ein Roald Dahlroman.

Herbamare tek ikkje hintet, men forsyner seg sjølv.

– Det minner om ein vaksen barnebursdag, seier ketsjupkjennaren etter å ha dyppa éin av dei i chipotledressingen.

Gastromat tek eit jafs av burgaren og opplyser om at den same barnebursdagen har sett sitt preg på hovudretten.

– Utruleg godt med den tynne raudlauken, då, kommenterer ein begeistra Gastromat.

Herbamare forsyner seg av senga av raudkålsstrimlar som burgaren kviler på og nikkar samtykkande.

Powered by Labrador CMS