Rett og vrang med skåleklang

Strikking er ikkje lenger berre for bestemora di. I 2021 gir det ro i sjela, trendy klede og ein god grunn til å drikke.

Publisert

Strikking har dei siste ti åra tilsynelatande blitt noko alle driv med. Dei store landsdekkande nyheitsmedia rapporterer om at det i tillegg har tatt av under pandemien.

Eg gjer det eg også, men eg kan ikkje seie at eg skjøner kvifor.

Det er ikkje vanskeleg å strikke, det er tvert imot veldig enkelt. Enkelt på grensa til det banale. Du lagar nokre løkker av ein tråd, og set dei på ein pinne. Med ein annan pinne trer du nye løkker inn i dei fyrste. Dette gjer du ein del tusen gonger, med ganske små variasjonar.

Etter nokre veker, månadar eller år, har du ein ferdig genser. Han er kanskje ikkje feilfri, du er trass alt ikkje 80. Men skitt, du har laga han sjølv. Du tar kanskje eit bilete, og legg det ut på Instagram eller sender det til farmor. Det er ein vinnaroppskrift for å framstå som eit allsidig, kreativt menneske.

Ønskja ein annan type arrangement

Om ein søker på Facebook finn ein fleire arrangement med variasjonar på namnet «Strikk og drikk», som er ganske sjølvforklarande. Ein møtest for prat, noko godt i glaset og, ikkje minst, garn på pinnane. Eitt av dei er i regi av Det Historiske Selskab, linjeforeininga til historie ved NTNU. Tre gonger det siste halvåret har dei arrangert sosiale kveldar for historiestudentane. Dei rakk eit møte på Mormors Stue før smittevernet deporterte arrangementet til Zoom.

– Me ønskja å finne på noko nytt som kunne tiltrekke seg andre typar folk enn dei som typisk kjem på dei arrangementa me hadde frå før, seier Kristin Mostad, som er styreleiar i linjeforeininga.

HANDVERK: Anna Kloppbakken har strikka heile livet, mens Kristin Mostad føretrekker brodering.

Historie er eit mannsdominert studie, fortel ho. På dei vanlege aktivitetane som kviss og studentpils, er det derfor ein overvekt av gutar som kjem. Strikkearrangementet var ein måte å rette seg meir mot den kvinnelege minoriteten blant historikarane. Strikk og drikk er likevel ikkje eksklusivt for jentene. Gutane er også velkomne.

– Men det er ikkje å stikke under ein stol at det er flest jenter som strikkar, seier Mostad.

Meir enn berre alkohol

I mange sosiale samkomer dei arrangerer er standarden blitt at ein gjerne tar seg ein øl. Og ein blir til fleire. Det kan fort bli litt rølpete stemning, fortel Mostad. Men med strikkinga har dei sett noko anna. Det er som om rølpinga blir tona litt ned av handarbeidet.

– Det blir meir hyggeleg kveldskos, i staden for at det blir sånn «Ja, no skal me drikke igjen». Det likar eg veldig godt, seier Anne Kloppbakken.

Ho studerer også historie, og har sett stor pris på strikkearrangementa til linjeforeininga si. Når strikkepinnane kjem inn i miksen, blir det noko litt anna enn berre drikking.

Mostad er einig. Det har vore heilt innafor å berre ta seg ein brus, om ein vil. Ho trur at strikkinga også kan gjere det lettare å kjenne seg tilpass i ein sosial setting. Om du vil trekke deg litt ut av samtala, har du uansett noko å halde på med.

– Det er litt meir sosialt akseptabelt å berre sitje å strikke og vere stille. Når du har lyst til å delta i samtalen igjen, så kan du delta, utan at det er noko problem, seier Mostad.

Det betyr likevel ikkje at drikking og strikking ikkje fint let seg kombinere, i alle fall opp til eit visst punkt. Kloppbakken set éi flaske vin innabords som det kritiske punktet. Etter det byrjar ho fort å miste oversikten.

– Etter førre strikk og drikk måtte eg rekke opp heile votten eg hadde byrja på. Han var heilt grufull. Han stod ikkje til å redde, seier ho og ler.

Tips til nye strikkarar:

  • Byrj med tjukke pinnar og tjukt garn, då går det fortare.
  • Lån oppskrifter gratis på biblioteket.
  • Bruk Youtube for å lære deg teknikkar.
  • Spør kjente viss du treng hjelp.
  • Ikkje lat deg skremme, læring gjer meister.

Produktiv uproduktivitet

Kloppbakken har strikka så å seie heile livet. Det er effekten av å vokse opp i ein familie av hobbyentusiastar. Det er kveldane som i hovudsak er strikketid for ho. Det gir høve til å skru av hjernen litt, få ein roleg avslutning på dagen. «Produktiv uproduktivitet» kallar ho det.

– Sjølv om eg ikkje sit og les pensum, så lagar eg noko. Strikkinga gjer ikkje at kvardagen går framover, akkurat, men i det minste sit eg ikkje berre og ser på TV, seier ho.

Å strikke verkar ikkje berre avslappande, men hjelper ho også å konsentrere seg, fortel Kloppbakken. I keisame forelesingar er det lett å dette av. Mistar ho fokuset, er det veldig lett å fiske fram mobilen. Då er strikketøyet tingen å ha.

– Då gjer eg noko som kanskje distraherer meg lite grann, men eg heng framleis med i forelesinga. Det hjelper om eg sit og gjer noko med hendene, konstaterer ho.

Masker og mindfulness

At strikking kan vere ei kjelde til både ro og skjerping var også erfaringa til Astrid Gullhav Dauderis. Det danna utgangspunkt for hovudoppgåva hennar på profesjonsstudiet i psykologi ved NTNU. Her undersøker ho kva effekt strikking kan ha på stress og konsentrasjon.

– Tanken er at så lenge du er litt driven, så konsentrerer du deg betre når du strikkar. Det blir litt som mindfulness, at ein kjem meir inn i sonen, fortel ho.

VITSKAP: Astrid Gullhav Dauderis håpar å kunne påvise at strikking gir betre konsentrasjon.

Teorien hennar bygger på at gjentakande rørsler hjelper å halde fokus, og gjer at du er meir til stades i augneblinken.

Til hovudoppgåva sette ho opp eit eksperiment der ei gruppe følgde to forelesingar. Gruppa blei delt tilfeldig i to, der halvparten strikka på den fyrste forelesinga og ikkje på den andre, mens den andre halvparten gjorde det motsett. Undervegs samla ho inn data om blant anna læringsutbytte og opplevd stress.

Studien er ikkje fullført enno, men Dauderis håpar å kunne vise at strikking verkar positivt på konsentrasjonen.

Sakte kunnskap og treg mote

Dauderis byrja sjølv å strikke jamleg for 13 år sidan. Då kommenterte fleire at ho var gammaldags. Det var veldig få på hennar alder som strikka då, fortel ho. I 2021, derimot, er Instagram proppfullt av Selbu-vottar og vester av alpakkagarn og mohair.

– Eg føler det har vore ein eksplosjon sidan den gong, seier Dauderis. Ho trur årsaka til det er samansett.

– Folk har nok ein trong for å skape noko sjølv, og få eit kreativt utslepp. Me lever ganske travle liv, så eg trur mange saknar noko enkelt. På ein måte kan ein jo seie at strikking er fortidskunnskap. Det er noko som går sakte, seier ho.

Sjølv finn ho mange grunner til å ta pinnane fatt. Strikkeklede er slow fashion. Det er betre for miljøet å ha nokre få plagg ein liker skikkeleg godt. Dei kan også bli fine gåver til vener og familie. Det er også mykje fellesskap i strikking, meiner ho.

Og trass i at Dauderis ikkje eigentleg synest me treng noko unnskyldning for å slappe av, kan strikkinga bøte på eit dårleg samvit.

– Om eg strikkar når eg ser på TV, så lagar eg i det minste noko mens eg sit der.

Powered by Labrador CMS