Lenge leve banjoen

Høyr lyden av då Short Skirts vitja Nesten Helg i studio.

Publisert Sist oppdatert

Fredag 11. september vitja tre av gutane i Short Skirts Nesten Helg i studio. Per, Lars og Håvard fortalde om kjensla av å sleppe debutalbumet Family Values.

-Høgdepunktet for min del var å få det i handa fysisk, på vinyl, fortel gitarist Per. Dei reknar med allsong på konsertar framover no når fansen endeleg kan lære seg låtene deira ved å høyre på albumet kor tid som helst.

Short Skirts
Motherload of Remembrance akustisk

-Det blir litt Åge-stemning. Han gjer det jo bra han Åge, held Per fram.

Men denne gjengen sit ikkje i ro og ventar på kva som skal skje. Dei er allereie i gong med oppfølgjaren. Ikkje så rart sidan Family Values eigentleg blei spelt inn i fjor haust.

-Å gje ut ei plate tar lang tid. Dei låtene me spelte inn i fjor haust blei skreve for enda fleire år sidan. Berre det å få ut plata er bra, men allereie no tenker me vidare på neste ting, fortel bassist Lars.

Med seg i studio hadde dei to gitarar og ein banjo. Det betydde berre ein ting, at me var så svinheldige og skulle få høyre Short Skirts live. Utan vokalist Espen og trommis Vegard blei dette ein rein instrumental. Banjoen har ikkje vore ein fast følgjesven av bandet, men herregud, kor bra det var. Mon tru om me får meir av den på neste plate?

Her får du Short Skirts med «Motherload of Remembrance» live hjå Nesten Helg.

Powered by Labrador CMS