Vinn to billettar til Jonas Alaska

KONKURRANSE: Null planar på fredag seier du? Ingen som har invitert deg med på Jonas Alaska sin heilakustiske konsert på Byscenen? Vel, drit i det. No kan du nemleg delta i Nesten Helg sin heilmakse konkurranse og vinne to billettar til konserten!

Publisert Sist oppdatert

Det einaste du treng å gjere er å sende SMS med kodeord «RR» til 2030, eller e-post til [email protected] og svare på dette spørsmålet: Kva heiter den fyrste låta på debutalbumet til Jonas Alaska?

Byscenen lovar å duke for ein lun haustkveld med vakker musikk. Nesten Helg lovar også bra musikk og andre godsaker i sendinga si på fredag mellom 15-17. Så sit klar med DAB-radioen din, høyr på Radio Revolt-programmet Nesten Helg live og finn ut om nett du vinn konsertbillettar!