HELDT FRAM: Tidlegare konstituert rektor Tor Grande har fått tilliten frå NTNU-styret til å fortsette som rektor i fast stilling.

No er den nye rektoren ved NTNU tilsett

Etter NTNU-styremøtet i dag vart det klart at tidlegare konstituert rektor Tor Grande får jobben fast.

Publisert Sist oppdatert

Vedtaket vart fatta med ni mot to stemmer og den nytilsette rektoren skal sitte på åremål som varar til 31. juli 2024.  Mindretalet stemte for den eksterne kandidaten Jan Gulliksen frå Kungliga Tekniska högskolan.

Grande har vore konstituert rektor sidan 15. desember i fjor, etter at Anne Borg annonserte at ho gjekk av som rektor. Det vart tidleg klart at han ville søke på den faste stillinga og til saman stilte ti personar til rektorstillinga. Etter første intervjurunde stod dekan ved økonomifakultetet, Monica Rolfsen, og dekan ved fakultet for naturvitskap, Øyvin Weiby Gregersen, att, saman med Grande og Gulliksen. 

Då NTNU-styreleiar Remi Eriksen presenterte den nye rektoren, var han klar på at tilsettinga hadde vore både ei vanskeleg og fornøyeleg prosess.

– Interessen frå både interne og eksterne søkjarar seier noko om statusen til NTNU og det har vore eit privilegium å få velje mellom så dyktige kandidatar.

Grande var audmjuk og takksam for tilliten som rektor for det han kalla landets største og viktigaste universitet. Trass økonomisk nedgangstid var han positiv til framtida.

– Det er viktig å minne om at det er mykje som går bra på NTNU. Me skal klare oss godt i ei periode med omstilling.

 – Kva gjer deg godt egna som rektor?

– Eg er tydeleg og synleg, i tillegg til at eg har ei lang og brei erfaring.

Grande har arbeidt på NTNU i 30 år og vore i toppleiinga sidan 2021.

– Korleis vil du vera meir synleg for studentane?

– Det er ein av dei tinga me må bli betre på, for det er ei utfordring å engasjere studentane i saker som angår rektoratet. 

Han meiner eit steg i riktig retning er å vera til stades på dei arenaene studentane er og tek gjerne mot råd frå studentane.

LES OGSÅ: Intervju med rektor: – Eg var ikkje spesielt skuleflink.

 

Powered by Labrador CMS