Bjørner Flittie Utgaard (t.v.) og Johannes Rønning (t.h.)
SET FOTEN NED: Bjørner Flittie Utgaard og Johannes Rønning i studentmållaget er skuffa over tala til NTNU, og fortel at universitetet er nøydde til å snu skipet viss dei skal koma i havn med dei lovgitte språkkrava.

NTNU nedprioriterer språk, meiner studentmållaget

Nok eit år med uoppfylte språkkrav – handlar om vilje, meiner studentmållaget.

Publisert Sist oppdatert

I sumar kom Universitetsavisa fram med at NTNU heller ikkje i år oppfyller språkkrava. No meiner studentmållaget at NTNU må skjerpe seg. 

Norsk Målungdom, Studentmållaget, nynorsk
MÅLLAG: Studentmållaget vart skipa allereie i 1916, og er eit av mange lokallag for Norsk målungdom. Karene vonar at laget held fram i mange år framover.

På Dragvoll møter Under dusken Studentmållaget i Nidaros, med leiar Bjørner Flittie Utgaard og styremedlem Johannes Rønning. Studieåret er i gong, og med det er dei au i gong med eit nytt år med målstrev og striden for språkmangfald her på NTNU. 

Ei av sakene på dagsorden er språkkrava til universitetet. Alle høgskular og universitet har nemleg krav om minst 25 prosent nynorsk i trykk- og nettpublisering, sokalla allmenn tilgjengeleg informasjon. Målet skal varte innfridd i dei årlege publiseringane, i tillegg til totalen av innhaldet til universitetet. 

Men slik er det ikkje i praksis for NTNU. Sidan tilsynet byrja i 2022 har universitetet ikkje etterlevd krava, nynorsken vert for lite nytta. I dag har nettsidene deira skarve fire prosent på målforma.

Mållaget fortel at de forstår at dei totale summane ikkje vert nådd, og at den totale bruken av nynorsken endå ikkje er i mål. Men det gjeng likevel for trått, slår karene fast. 

– Dei har jo ein del gamal data som ikkje vert skriven føre krava tredde i kraft, og me skjøner at arbeidet krev tid og ressursar. Men dei har jo ogso årlege krav som ikkje vert tilfredsstilt. Der handlar det om vilje, og her meiner eg at NTNU bør klåre betre, konstaterer Utgaard. 

Dei vonar at universitetet ser på tala som dramatiske, og at dei er nøydde til å trå til med sterkare lut. Lova gjeld alle, språklov eller trafikklov. 

Nynorsk, Ivar Aasen, Noreg
MANGFALD: Representantene fortel at dei forstår at mange vel bokmål, men er opptatt av at det skal vera ein reell jamstilling av målformene.

– Ei språklov er jo ikkje berre pynt på papir, men noko som dei må fylgje. Ho skal handhevast og respekterast – viss ikkje får dei bøte for det, forklårar Utgaard. – Det å ikkje fylgje ei lov trur eg ogso påverkar omdømmet og truverdet til NTNU. Det er vel heller ikkje noko universitetet ynskjer, legg Rønning til.

LES OGSÅ: Språklova er ikkje frivillig, NTNU

Uroleg for studentane 

At språkloven ikkje vert fylgt, fortel karane er symptomatisk for den overordna språkpolitikken til universitetet. NTNU har ikkje berre eit ansvar om å tilfredsstille eigne språkkrav, men au rettane som studentane har. 

Eksamen og vurderingsgrunnlag skal studentane som hovudregel kunne skrive på valfri målform, og ein skal ogso få eksamensoppgåvene på tilsvarande form. 

Likevel er det ein overvegande bruk av bokmål, og stadig færre studentar vel nynorsk som målform på eksamen ved høgare utdanning. I 2021 var talet nede på snaue 2,8 prosent på landsbasis, ifylgje Bokmålsforbundet. 

– Bokmål er jo dominerande på alle felt, det er klårt at fleire skriv og les på bokmål. Det er greitt; folk skal få velja sjølv, men her vert jo standarden på mange måtar bokmål, fortel Utgaard. 

Han fortsett: 

– Til dømes er det bokmål som er standard for emnene på Studentweb. Ein vel ikkje aktivt der, nynorsken vert på ein måte eit unntak frå regelen. 

Særleg er dei bekymra for nye studentar, og vonar at dei få byrja studiekvardagen med klårtekst om språkrettane deira. Der meiner dei at universitetet må meir på banen. 

Sigrun Berge Engen, kommunikasjonsdirektør
POSITIV: Kommunikasjonsdirektør Sigrun Berge Engen fortel at dei er i god dialog med Språkrådet om å tilfredsstille dei gitte språkkrava.

– Det er jo mange som meiner at reglane er litt uklåre, kanskje litt underkommuniserte. Kva har eg eigentleg krav på, spør Rønning retorisk. 

– Eg hugsar sjølv då eg starta. Eg var jo interessert i å skrive på nynorsk, og ville gjerne finne ut av dette. Men eg visste ikkje kor eg skulle leite, kven eg skulle spørja. Då opplever ein jo vegen litt lengre for å byrja å skrive nynorsk, legg Utgaard til. 

For dette er ogso mållaget ein viktig aktør. Dei fortel at dei ynskjer å tette dette hòlet, gjera språkrettane klåre, samstundes som dei au oppfordrar til større bruk av nynorsk. 

– Me er jo ein minoritet, og nynorsken møter på mykje motstand. Men han er jo ei jamstilt målform og bør ogso få sitt innpass på universitetet. Det handlar om mangfald, det handlar om identitet – det ansvaret håper me at NTNU tek alvorleg, avsluttar Rønning.

Manglar korkje på evne eller vilje, svarar NTNU 

Marit Reitan
VALFRITT: Prorektor Marit Reitan understrek at studentane kan gå inn på kvar vurdering på Studieweb og velja mellom målføra som er tilgjengelege på emnet.

NTNU svarar på e-post, og skriv at dei har arbeida aktivt for å nå nynorskandelen. Dei peikar på praktiske og organisatoriske grep, mellom anna eit språkpolitisk utval. Dei skriv vidare at dei er langt ifrå mål, men at dei er i «god dialog med Språkrådet». 

– Dette er eit langt lerret å bleike. Det kjem til å bli betre, men det vil nok ta lang tid, skriv kommunikasjonsdirektør for NTNU, Sigrun Berge Engen. 

Avslutningsvis skriv dei au at dei ikkje naudsyntvis er samde om at språkrettane til studentar vert underkommuniserte. I alle fall ikkje frå eit juridisk nivå. 

«Det kjem vel litt an på auget som ser. Vi kan sikkert bli enda betre, men valet om målføre er klart lovfesta, og eit val einkvar student kan ta i studentweb», skriv Marit Reitan, prorektor for utdanning ved universitetet.

LES OGSÅ: – Ulovlig protest

Kort om språkrettar for studentar:

 Universitet skal gjeva skriftleg eksamen på det norske språk. Det vil seia nynorsk eller bokmål, to jamstilte fagspråk.  

Du har sjølv rett til å velja ordformer i målforma. Anten det er «vi» eller «me», «korkje» eller «verken» - du skal sjølv velja dette, so sant ein er fylgjestreng ved bruken.

Er språket dårleg på eksamensoppgåva, har du rett til å klaga på det. Det kan du rette direkte til Språkrådet eller gjennom Nidaros studentmållag.

Powered by Labrador CMS