POLITISERING: Sosiologistudent Emma Ritman vert ekstremt oppgitt når identitet og tilhøyrsla hennar vert gjort til politikk.

Dei usynleggjorde studentane

Rett før Anne Borg gjekk av som rektor, gav ho ei unnskyldning på vegner av NTNU for framrykkingsteorien, ein seinare avkrefta teori som hevda at samar kom til Trøndelag fyrst på 1700-talet.

Publisert

No skal NTNU finna seg ein ny rektor, og den samiske sosiologistudenten Emma Ritman håpar at vedkomande vil gjera noko for å synleggjera samisk språk, kultur og historie. Ho skreiv eit innlegg i Universitetsavisa i mars, der ho utfordra dei tre rektorkandidatane Monica Rolfsen, Tor Grande og Øyvind Gregersen til å taka stilling til korleis dei som rektor ville synleggjera samisk kultur, språk og historie. 

– Eg trur ikkje folk er klare over kor inngripande framrykkingsteorien har vore i dei sørsamiske områda. I dag seier einskilde framleis at samar ikkje har vore lenge i området, seier Ritman.

Tid for å taka attende identiteten 

Då Ritman byrja på sosiologi på NTNU, reagerte ho på manglande dekking av samisk historie. 

– Me hadde førelesing om skulehistorie, og so vart ikkje fornorskinga eller internatperioden nemnd.

Eg gjekk ned til førelesaren og spurde kvar den historia var. Førelesaren svarte at ho ikkje visste noko om temaet. 

– Ingen har kunnskap til å førelesa på desse felta. Alle nikkar og seier at det er heilt riktig, me burde hatt meir pensum som tek føre seg samisk kultur, men ingenting vert gjort.

Ho trur at undervisarane kjenner på ei skam over å ikkje kunna nok om temaet, og at dei er redde for å trakka feil. 

– Min inngang til det som samisk student er at det gjer utruleg mykje meir vondt at ingenting vert gjort fordi ein er redd for å trakka feil, enn at ein prøver, potensielt gjer feil, og so rettar opp i det og gjer det betre neste gong.

Kva er framrykkingsteorien?

Yngvar Nielsen la i 1889 fram ein hypotese om at samane kom nordfrå til Midt-Noreg på 1600- og 1700-talet. Hypotesen førte til at samar mista livsgrunnlaget sitt i rettssaker mot norske jordbrukarar og grunneigarar, som i fylgje hypotesen hadde vore der lengre. Hypotesen har tidlegare vore undervist til studentar og forsvart av historikarar ved NTNU, og var gjeldande fagleg oppfatning fram til ein gong mellom 1970 og 2000. Hypotesen har seinare vorte avkrefta av både historiske og arkeologiske funn. I reisebøkene til Nielsen kjem det fram rasistiske haldningar til samane

– Ein indre kamp

For henne har tida som student vore tida for å taka attende identiteten og kulturen sin. 

– Eg trur det er ein trend i min generasjon at me tek attende det våre mødre, fedre, besteforeldre og oldeforeldre mista under fornorskinga. Men det har ikkje berre vore lett, etter å ha vakse opp utan å få læra samisk. 

– Det er ein indre kamp om kor samisk eg kan seia at eg er. Korleis kan eg seia at eg er samisk utan å kunna noko om kulturen, utan å ha kofte? Ho seier at skammen ein høyrer om knytt til å vera samisk, har omvendt seg. 

– Mi mormor og hennar generasjon skamma seg over å vera samiske. Mi mor og min generasjon er meir skamfulle over at me ikkje kan noko. Men det er definitivt endå folk som skammar seg over å vera samiske.

– Ingen har kunnskap på desse felta 

– Eg har på alle måtar likt å vera student ved NTNU, og eg er veldig takksam for at eg har fått vera det. Men når det kjem til synleggjering av det samiske, har eg eit litt ambivalent forhold, seier ho. 

Ho tykkjer at det har hendt mykje i laupet av dei si ste to åra, som har vore prega av sannings - og forsoningskommisjonen si gransking av fornorskinga og ikkje minst Fosen -saka. 

– Folk er interesserte. Folk har lyst til å vita meir, fordi ein veit at ein ikkje kan noko. Det ein har lært på skulen, er ikkje representativt for ein stor del av Sápmi. Sjølv om folk stiller spørsmål og interessa er der, er me nøydde til å laga arenaar der studentar kan stilla dei spørsmåla i klasserommet, meiner ho.

GJER NOKO: Ritman tykkjer at det gjer utruleg mykje meir vondt at ingenting vert gjort enn at ein prøver og gjer feil

Det skal ikkje so mykje til

Ritman tenkjer det er pinleg at NTNU er stille på samane sin nasjonaldag, overfor både samiske tilsette og samiske studentar. 

– Kan dei ikkje i det minste leggja ut «lihkku beivvin», gratulerer med dagen på sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk, som er dei mest sentrale samiske språka her i området? 

Ritman tykkjer at sjette februar bør markerast på andre måtar òg, men understrekar at det ikkje skal so mykje til. 

– Men det ansvaret skal ikkje leggjast på oss, kvar einskild samiske student og tilsett. Det bør vera ei prioritering frå NTNU sentralt.

 LES OGSÅ:

Politisert identitet 

I sine språkpolitiske retningsliner frå 2022 skriv NTNU at dei i samråd med Språkrådet har kome fram til at skilting på samisk ville kunna oppfattast som symbolpolitikk, sidan NTNU ikkje har campus innan det samiske forvaltingsområdet. 

– Språkrådet seier det, ja. Det er ikkje me samiske studentar som har sagt det. Det tyder so utruleg mykje for oss at det trumfar det at det er symbolpolitikk for min del, seier Ritman. 

Det er likevel viktig for Ritman at skilting på samisk ikkje er det einaste tiltaket. 

– Viss ein berre hadde skilta og ikkje gjort noko anna, då kan det henda at det ville vorte sett på som symbolpolitikk. Men eg tykkjer at det er ei dårleg unnskyldning. Det å skilta på samisk er meir enn berre symbolpolitikk. 

Ho er lei av at tiltak for samar kallast symbolpolitikk. 

– Eg vert ekstremt oppgjeven når identiteten min og tilhøyrsla mi vert gjort til politikk

Eit ansvar ut over det lovpålagde 

Ritman meiner at NTNU som det største universitetet i Noreg har eit ansvar, spesielt overfor sørsamane, sidan NTNU Trondheim ligg i Trøndelag som er ein del av det sørsamiske forvaltingsområdet. 

– Dei er ein minoritet innanfor ein minoritet. 

Ho påpeikar at staten er lovpålagd å leggja til rette for at samane skal få utøva sin eigen kultur, men tykkjer at NTNU kan taka eit ansvar ut over lovverket sine minstekrav. 

– Eg har lagt merke til at dei som har undervisning om samiske tema, gjer det fordi det er lovpålagt.

Det er noko av grunnen til at identiteten min og tilhøyrsla mi vert politisk, seier ho. Men ho ser løysingar sjølv om NTNU berre vil gjera det som dei er pålagde. 

– Då får me vel innlemma Trondheim i det samiske forvaltingsområdet

Utfordra rektorkandidatane 

Då Ritman skreiv innlegget i Universitetsavisa, fekk ho ein e-post frå den eine rektorkandidaten. 

– Rett etter at innlegget mitt vart publisert, spurde Monica Rolfsen om eg hadde lyst på eit møte med henne, og eg takka ja til det. I møtet var Rolfsen veldig interessert i spesifikke tiltak som NTNU kunne setja i gang, og Ritman la fram sine forslag. 

– Tiltaka mine står jo i svarinnlegget til dei tre rektorkandidatane i Universitetsavisa, utan referanse til meg. 

Ho tykkjer uansett at det er bra at dei skreiv ned konkrete tiltak. 

– Då har me det skriftleg, so me kan taka dei på det viss det skulle koma opp att i framtida, uansett kven som vert rektor. 

Ho håpar at den komande rektoren, kven enn det vert, tek utfordringa på alvor.

 – Eg har lyst til å vera optimistisk, men me ser jo at tiltak retta mot samar er veldig polariserande saker. Mange lurar på kvifor me har Sametinget og eigne politiske rettar. 

Ho vert likevel ikkje overraska om rektoren ikkje tek initiativ til handling. 

– Viss folk ikkje forstår krava våre, er det det same som me har høyrd heile livet. Men eg håpar at dei tek det seriøst, spesielt det som hende når det gjaldt framrykkingsteorien. Men det er i alle fall bra at dei svarar meg

 LES OGSÅ:

Gav auka innsikt 

Monica Rolfsen stadfestar at ho og Ritman møttest til ein prat mellom ytringa til Ritman og svaret frå dei tre kandidatane. 

– Bakgrunnen for det var at eg ynskte å forstå korleis det er å vera samisk student ved NTNU og få konkrete innspel til kva me i leiinga ved NTNU kan verta betre på. Ho seier at lesarinnlegget allereie var skrive då ho møtte Ritman.

 – Ho las gjennom det på kontoret mitt, og me la til eit par gode poeng som ho føreslo, spesielt poenget med å namngjeva rom og bygg, slik som Samfundet gjer i Nybygg. 

Rolfsen seier at ho opplevde praten som veldig fin, og at han gav henne auka innsikt i eit tema som ho ikkje hadde mykje kunnskap om frå før

Meiner alvor 

Rolfsen skjønar Ritman sin blanda optimisme til oppfylginga frå komande rektor. 

– Det er forståeleg, gjeve ein lang og negativ historikk. Ho forsikrar om at ho meiner alvor med å fylgja opp Anne Borg si unnskyldning til Saemien Sijte med konkret handling. 

– NTNU er nøydd til å starta ein dialog med involverte partar om korleis me kan fylgja opp dette saman. 

Ritman tykkjer ikkje det er nok å seia unnskyld, men at NTNU bør retta opp i skaden og reversera den prosessen som sørsamane har vore gjennom. 

– Eg håpar at dei skjønar at det ikkje kan gå to år før det skjer noko nytt, sjølv om Anne Borg sa unnskyld i desember og me har utveksla nokre debattinnlegg no. 

Ritman har forståing for at det tek tid å setja i gang, men ynskjer konkrete tiltak. 

– So mykje som ein handlingsplan hadde vore fint.

– NTNU har eit ansvar 

Tore Sandnes Becker, seniorkonsulent i kommunikasjonsavdelinga til NTNU, seier at som ein kunnskaps- og utdanningsinstitusjon i eit sørsamisk område skal NTNU leggja til rette for utviklinga og ivaretakinga av samisk språk, kultur og samfunnsliv. 

– Det kjem til uttrykk på ulike måtar gjennom aktiviteten ved universitetet. Han legg fram ei liste med døme, som emna LÆR2004: Samiske tema i skulen og MUSV2004: Nordisk musikk: Frå nasjonalromantikk til samisk rapp, ei forskargruppe og ein stipendiat. I tillegg viser han til ein oppgang i talet på bachelor- og masteroppgåver med ordet «samisk» i tittelen, relasjon med Sørsamisk museum og kultursenter Saemien Sijte og at Vitenskapsmuseet jobbar med samisk arkeologi. 

ANSVAR: Seniorrådgjevar Tore Sandnes Becker i kommunikasjonsavdelinga til NTNU seier at NTNU skal leggja til rette for utviklinga og ivaretakinga av samisk språk, kultur og samfunnsliv.

– Det kan òg nemnast at det har vore ei bevisstgjering av samisk kultur gjennom markeringar knytte til samane sin nasjonaldag. Og det at tilsette og studentar diskuterer temaet i avisspalter bidreg òg til å synleggjera det samiske aspektet ved NTNU. 

Han seier at dette gjev eit innblikk i noko av det som vert gjort ved universitetet. 

– Men det er ikkje ei uttømmande liste med alt det NTNU gjer knytt til samiske tema. 

Han legg likevel vekt på at NTNU berre har eit ansvar for utviklinga og ivaretakinga av samisk språk, kultur og samfunnsliv

– Kunnskapsdepartementet har uttalt at Universitetet i Tromsø, Samisk høgskule og Nord universitet har eit særskild ansvar for å fylgja opp samisk.

– Legg ansvaret på enkeltpersonar 

Det at andre universitet og høgskular har eit særskild ansvar for språket, lettar ikkje på ansvaret til NTNU, tenkjer Ritman. 

– Det er bra at nokon har eit særskild ansvar for opplæring på og i samisk språk, men NTNU har framleis eit ansvar for å synleggjera kulturen og historia. Og det kan gjerast på mange andre måtar enn å undervisa på sørsamisk. 

Ritman er ikkje imponert over kva NTNU seier at dei har gjort dei siste åra, som at dei poengterer at studentar og tilsette deltek i offentleg debatt. 

– Dei legg ansvaret over på oss. Eg skriv jo som student, ikkje på vegner av NTNU. Kva har NTNU gjort – lagt opp til akademisk ytringsfridom? 

Ho seier at lista som Becker legg fram, ber preg nettopp av at NTNU ikkje har oversikt. 

– Dette er ikkje ei uttømmande liste fordi det ikkje finst ei uttømmande liste. Me har ikkje oversikt. Kjernen i dette er at me ikkje veit kva me gjer i arbeidet med synleggjering. 

Ho tykkjer at lista berre ramsar opp tiltak frå einskilde tilsette og institutt. 

– Dette her er ting som einskildtilsette har gjort på einskilde institutt, ingen overordna retningsliner.

Men det er heilt sant at einskilde tilsette har gjort ein veldig god jobb.

YPPARLEGE PROBLEMSTILLINGAR: Mia Norvoll, leiar i Saemien Studeenth Tråantesne, meiner at vindmøller og naturinngrep må inn i exphil for ingeniørane.

Har ikkje fått med seg markering av nasjonaldagen 

Kybernetikk- og robotikkstudenten Mia Bongo Norvoll er leiar i Saemien Studeenth Tråantesne, den samiske studentorganisasjonen i Trondheim. Ho kjenner til nokre av tiltaka på lista, men reagerer på einskilde av punkta. 

– Eg veit ikkje heilt kva NTNU har gjort for å markera sjette februar. Det er ikkje noko eg har fått med meg, i alle fall  

Norvoll, som Ritman, meiner at det ikkje er symbolpolitikk å skilta på samisk, so lenge det ikkje er det einaste tiltaket. 

– Saman med mange andre tiltak er det eit godt initiativ. Men eg tykkjer ikkje at NTNU skal kalla det symbolpolitikk berre for å sleppa å gjera noko med det. 

Ho er òg er einig med Ritman i at tilsette og studentar sine engasjement ikkje kan takast til NTNU si inntekt. 

– Det var eit litt merkeleg punkt. Å skriva debattinnlegg er jo noko studentar har gjort, ikkje NTNU.

 LES OGSÅ:

Gløsingane treng kunnskap 

Ritman meiner at dei som tek tekniske utdanningar, har like mykje bruk for kompetanse om samisk kultur som studentar innanfor humanistiske fag og samfunnsfag. 

– Når ein snakkar om utdanning i samisk kultur og språk, tenkjer ein fort på kultur- og språkutdanningar. Men dei som vil møta det samiske mest, er ingeniørane, dei som arbeider med vindkraft og vassdrag. 

Norvoll meiner at NTNU gjer riktig i å taka inn samisk historie i lærar- og historieutdanningar, men er heilt einig i at det kunne kome inn i andre utdanningar i tillegg. 

– Det kunne vore drege inn i exphil vindmøller og andre inngrep på samisk område er ypparlege problemstillingar når ein skal drøfta etikk. 

Ritman skulle ynskja at dei som arbeider med kraftutbygging hadde kunnskap om samane. 

– Det gjer so mykje for det samiske folket å ha nokon med kompetanse som arbeider i NVE eller Equinor. Nokon som veit korleis reindrift går føre seg. Det er ikkje slik at samar ikkje vil ha eit grønt skifte, understrekar ho. 

Problemet er at områda deira har vorte innskrenka so mykje. 

– Kvifor er det alltid me som må rammast? Det hjelper utruleg mykje at nokon på andre sida av konflikten har kompetanse. Men det er sjølvsagt ikkje berre gløsingane som treng kompetanse.

Har ein lang veg å gå 

FLEIRE FAGMILJØ: Prorektor for nyskaping, Toril Hernes, seier at NTNU har fleire fagmiljø som forskar, underviser og skriv innanfor tema som rører ved samiske rettar, historie, identitet og kultur.

Prorektor for nyskaping ved NTNU, Toril A Nagelhus Hernes, seier at den samiske kulturen er viktig og noko ein skal vera stolt av ved NTNU. Ho takkar Ritman og Norvoll for at dei stiller viktige spørsmål. 

– Det er riktig at me ikkje har ein eigen handlingsplan for samisk synlegheit, men me er opptekne av å ivaretaka mangfald og inkludering av tilsette, studentar og i samfunnet elles. 

Slik som Becker trekkjer ho fram at UiT, Nord Universitet og Samisk Høgskule har eit særskild ansvar for å ivaretaka samiske perspektiv. I tillegg trekkjer ho fram at NTNU har fleire fagmiljø som forskar, underviser og skriv innanfor tema som rører ved samiske rettar, historie, identitet og kultur. 

– Den samiske kulturen er absolutt viktig og noko me er stolte av på NTNU. Ho viser til lærarutdanningane som eit døme på synleggjering av samisk kultur, der rammeplanen for grunnskule og vidaregåande skule er sentral. Rammeplanen seier at elevar skal læra om emnet. 

– Ved NTNU utdannar me dei som skal arbeida i skulen, og difor er det vårt ansvar å gjeva dei kunnskap og perspektiv på samiske tema. Det er gjort mykje bra arbeid på lærarutdanningane ved NTNU på dette området dei seinare åra. 

Ho seier at NTNU framleis har ein veg å gå på å synleggjera og inkludera samiske perspektiv innanfor fagområda og å synleggjera samisk mangfald. 

– Det historiske bakteppet gjer det ekstra viktig at me vert minna på dette.

Imponert over dei frivillige 

Norvoll seier at NTNU sjeldan har teke kontakt med organisasjonen. 

– I fjor laga me ein video som NTNU la ut på nasjonaldagen, men elles har me ikkje hatt nokon kontakt i laupet av mi tid. 

Ho er heller imponert over kva organisasjonar utanfor NTNU gjer. Ho seier at Samfundet har gjort ein god jobb med å markera nasjonaldagen og heisar flagget kvart år. I år var det ein lunsj i tillegg, og UKA hadde ein stor del av nettsida si på sørsamisk, seier ho. 

– So det hadde vore gøy å sjå at NTNU gjorde meir når andre tydelegvis får det til.

Tore Sandnes Becker er tidlegare medlem i Studentmediene i Trondheim.

Powered by Labrador CMS