Frist for semesterregistering og tilrettelegging gjekk ut i går
Dei som ikkje er klare over dette, risikerer å miste studieretten ved NTNU.
I går, 15. september, gjekk fristen ut for å semesterregistrere seg og betale semesteravgift. Dersom dette ikkje ble gjort misser du studieretten. Då har du ikkje lenger rett til undervisning, rettleiing, tilgang til læringsplattformer og vurdering i samsvar med studieplanen din.
LES OGSÅ: Karrieredagene 2022 – Bedriftenes plastmarsj over parkens gressplen
I tillegg gjekk fristen ut for å søkje om tilrettelegging for studentar med funksjonsnedsetjing. Dette inkluderer mellom anna tilrettelagt eksamen og undervisning og utvida frist på arbeidskrav. Dersom du har behov for noko av dette måtte du fylle ut ein søknad som du finn på NTNU sine nettsider. Søknaden måtte leverast fysisk, anten via post eller direkte til Eksamenskontoret på Kalvskinnet.
Meir informasjon vart lagt ut på Innsida 2. og 5. september.