Gruppeleiar Christoffer Vargtass Hallstensen i seksjon for digital tryggleik ved NTNU.

NTNU avviklar automatisk vidaresending av e-post

Automatisk vidaresending av e-post frå NTNU-kontoen din til privat e-post vil ikkje lenger vere mogleg.

Publisert

Måndag 5. september fekk studentar ved NTNU melding om at automatisk vidaresending av e-post vil bli skrudd av den 15. september. Årsaka er IT-tryggleik.

Christoffer Vargtass Hallstensen er gruppeleiar i seksjon for digital tryggleik i NTNU si IT-avdeling, og er svært positiv til endringa.

– Phishing-angrep i NTNU sine eigne system, der vondsinna aktørar gir seg ut for å vere NTNU for å stele sensitiv informasjon frå studentane våre, greier vi som regel å rydde opp i innan 15 minutt. Når desse angrepa kjem utanfor våre eigne system kan det derimot ta ein til to månader før vi greier å få bukt med dei.

Han meiner at endringa vil vere ein effektiv måte å auke tryggleiken i IT-systema til NTNU.

– Vi har allereie halvert mengda slike tilfelle etter å ha innført filtrering på tilsettsida, og kan vente å sjå ei liknande effekt når vi no inkluderer studentane på same måte.

Ynskjer å fremje god IT-hygiene

På spørsmål om han syns det er verd det å fjerne funksjonen som mange studentar synest er praktisk, er svaret ja, og det av fleire årsaker.

- Den eine er at studentane på NTNU er ein svært integrert del av universitetet på eit teknisk plan, noko vi ser på som ein fin ting, men som også gjer studentane like sårbare for angrep som dei tilsette. I tillegg ynskjer vi at studentane våre skal lære god tryggleikskultur som dei kan ta med seg inn i framtidige arbeidsplassar. Å skilje mellom privat og profesjonell e-post er god IT-hygiene.

Hallstensen avkreftar påstanden om at tiltaket først og fremst handlar om at NTNU ynskjer å framstå tryggleiksorientert for syns skyld.

- Det kan vi jo veldig lett avkrefte. Dette er enkelt og greitt gjort for å verne om både studentane våre og NTNU.

Hallstensen rådar studentane til å heller nytte seg av funksjonen kombinert innboks. Slike funksjonar er tilgjengeleg i mange e-postapplikasjonar, og gjer at meldingar til ulike kontoar dukkar opp på same stad.

Vedtaket vart gjort av prorektor og IT-sjef for nokre veker sidan. Meir informasjon kjem på Innsida måndag 12. september.

Powered by Labrador CMS