NTNUI Turn:
Lange ventelister og lav kapasitet. No har fleire blitt tatt opp.
Etter fleire år med lange ventelister har NTNUI Turn tatt opp 20 ekstra medlem.
I forrige semester skreiv Under Dusken om at NTNUI lenge har vore prega av lange ventelister og kapasitetsproblem, og studentar har venta opp til to år for å få plass. Det gjeld òg i NTNUI Turn.
Leiar Turn Oda Hovda Ottesen i NTNUI seier dei fekk betre kapasitet i årets opptak, og kan derfor ta opp 20 fleire medlem.
– Medlemstal og venteliste var var allereie tema i gruppa, og Under Dusken saken fra i fjor gjorde at Trondheim Turnforening tok kontakt med oss og ville sjå på moglegheiter for meir treningstid i den hallen vi leiger.
Avgrensa treningar
Ho seier at det er nokon som sluttar kvart år, men at dei ikkje tok opp fleire under pandemien på grunn av avgrensa treningar.
– Vi var naturlig reduserte under pandemien. Det var i periodar kun ti stykk som kunne møte på trening, og vi fann ut at vi ikkje hadde kapasitet til fleire medlem.
Vårsemesteret har bydd på fleire gode nyheter for NTNUI Turn sine medlemmer, fortel Ottesen.
– Vi har fått ei treningstid ekstra i veka, noko som gjorde at vi har kapasitet til fleire medlem og større tilbod til medlemma våre.
Må evaluere
Ho seier at det fortsatt er mange på venteliste, og at dei må vurdere om dei kan auke antal medlemmar. Ho legg vekt på at det er stort trykk på turnhallen, noko som gjer at det er avgrensa kor mykje treningstid dei kan ha.
– Planen er først og fremst å evaluere korleis det fungerer med det medlemstalet vi har no, før vi eventuelt kan vurdere om vi kan auke antalet medlem ytterlegare.
Nora Engelstad Maghaddam sto på venteliste i eitt år. Ho er ein av dei som har blitt tatt opp dette semesteret, og seier ho har blitt tatt godt i mot.
– Det er den mest inkluderande gjengen eg har møtt, og ein sklir rett inn.