Gull og bronse i Student-VM

21. - 25. februar var det duka for det andre arrangerte student-VM i skiorientering. Seks studentar frå NTNU drog ned til Tartu i Estland for å forsvare prestasjonene frå meisterskapet i Russland i 2016.

Publisert Sist oppdatert

Skiorientering er ein orienteringsvariant der deltakarane tar seg fram i eit terreng etter kart på ski. Langrennsteknikken og utstyret kan utøvarane velje sjølv, men målet er å komme gjennom alle postane raskast.

Kjempestart

Student-meisterskapet starta med ein individuell sprint, der NTNU-studentane Jørgen Madslien og Anna Ulvensøen stakk av med kvar sin medalje. Madslien var kun seks sekund i frå toppen av pallen, men endte opp med ein bronse.

– Eg er fornøgd. Målet var medalje i dag, så får eg heller sjå om det er muligheit til å avansere på lørdag. Men eg er fornøgd med å ta min første individuelle medalje i student-VM, sa Madslien til orientering.no etter sprinten.

Med ein så solid prestasjon frå NTNUI var det kanskje ikkje overraskande at Madslien og Ulvensøen sikra gullet for Noreg på sprintstafetten dagen etterpå. NTNUI-duoen gjekk saman på stafetten i Russland i 2016. Også der kryssa dei mållinja først.

Gull, gull og meir gull

Etter resultatlista frå sprinten på onsdag starta Ulvensøen først i jaktstarten på laurdag. 29 sekund bak ho starta estiske Daisy Kudre som var heimefavoritten. Det var lenge eit jamt løp, men på sisterunda klarte Ulvensøen å gå i frå, og gjekk i mål heile 42 sekunder framfor Kudre.

Også på herresida blei det levert ein imponerande jaktstart frå Noreg. Madslien starta seks sekund bak russerane Sergei Garlanov og Vladislav Kiselev, men dei klarte ikkje å henge på Oslo-guten. Han gjekk i mål heile 32 sekund framfor Jyri Uusitalo frå Finland.

– Det å ta gull var ein heilt utruleg følelse, seier Madslien.

– Gøy og sosialt

Søndag var det klart for meisterskapets siste renn, fellesstart. Jørgen Madslien valte å ikkje stille til start grunna sjukdom, men Noreg stilte med blant andre NTNU-student Audun Heimdal som gikk i mål som nummer sju. Anna Ulvensøen tok gullet på kvinnenes fellesstart, og reiste dermed heim med fire gull av fire mulige under meisterskapet, noko som gjorde ho til mestvinnande utøver i meisterskapet.

– Meisterskapet har vore veldig gøy og sosialt. Eg er veldig fornøgd med at eg greide å gå fire gode løp og det var veldig gøy å ta fire gull, seier Ulvensøen om medaljefangsten.

Madslien seier seg også fornøgd med meisterskapet.

– Det å lykkes så godt som eg gjorde er eg veldig fornøgd med. Det er det beste eg har gjort i eit meisterskap så langt i karrieren, og det gir meg motivasjon og sjølvtillit for framtidige konkurransar.

Etter fem dagar i Estland reiste altså studentane frå NTNU heim med heile fem gull og ein bronse.

Powered by Labrador CMS