Til verdenstoppen i segling

NTNU-student Hermann Tomasgaard sikra sin aller første verdscupseier i segling forrige helg.

Publisert Sist oppdatert

Allereie før medaljefinalen i Miami, søndag 3. februar, hadde Tomasgaard sikra verdscupseieren med rekordmargin. Før finalen hadde han 65 poengs ledelse over bronsevinner fra OL 2016, Sam Meech, ein prestasjon ein knapt har sett i nyare tid. Dette gjorde han uslåelig i verdscupregattaen. Til tross for eit imponerande resultat, ser ikkje Tomasgaard på regattaen som perfekt.

– Det var fleire ting som ikkje var perfekt. Regattaen var prega av lite vind og store vindskift, noko som gjorde det utfordrande å helde jevne resultat, seier Tomasgaard.

Motiverande å fortsette

Verdscupen bestod av 12 seilas, fordelt ut over seks dagar. I løpet av verdscupen hadde NTNU-studenten berre to resultat utanfor dei seks øvste. Dette førte til det største han har oppnådd hittil i karrieren.

– Det var min beste regatta og første seier i verdscupen så langt i karriera, seier Tomasgaard.

Den overlegne seieren er noko ein kjem til å hugse i seglehistoria i lang tid framover.

– Det har vore mykje trening og det er godt å sjå at det har gitt resultat. Det gir god inspirasjon til å fortsette treninga, sa Tomasgaard til World Sailing.

Legg grunnlaget for OL

Resultata frå helga har lagt eit godt grunnlag for OL 2020 for Tomasgaard. Trenaren til NTNU-studenten, Anton Garotte, seier til Norges Seilforbund at nivået Tomsgaard er på no ikkje kom av seg sjølv.

– For å komme dit Hermann er no, gjennomførte han til dømes 650 høgkvalitets treningstimar på sjøen i 2018 saman med sine treningspartnarar. I tillegg kjem hundrevis av timar med fysisk og mental trening, båtmekking, reiser, studiar og møter, seier Garotte til Norges Seilforbund

Garotte har høge forventningar til Tomasgaard vidare i karrieren.

– Hermann har villa - og vil - bli best i verda, og slik han segler i Miami, beviser han at han har potensiale til å klare det målet, seier Garotte.

Under finalen segla Tomasgaard seg inn til ein sisteplass. Bak Tomasgaard på resultatlista låg ikkje berre bronsevinner frå OL 2016, men også regjerande OL-mester, Tom Burton frå Australia.

– Eg hadde ein veldig god og jevn serie, og vann til slutt med litt over 40 poeng, seier Tomasgaard.

Powered by Labrador CMS