– Dei beste argumenta var for fusjon

Stemmene til dei to studentane i NTNU-styret avgjorde fusjonsstriden. Christian Tangene meiner det var ukontroversielt å stemme mot dei tilsette

Publisert Sist oppdatert

– Stemmene til studentrepresentantene avgjorde valget om fusjon. Kva var grunnen til at de tok denne avgjersla?

Vi meinte det var best for NTNU som institusjon og for Norge som nasjon. Vi har for mange små og fragmenterte fagmiljø i Noreg, og då må ein sjå kva ein kan gjere med det. Vi har arbeidd med dette heilt frå august, og etter ei grundig vurdering bestemte vi oss for å stemme for det alternativet vi meinte var best, også for studentane.

– De hadde altså berre eit halvt år på å utgreie dei ulike fusjonsalternativa. Fekk de god nok tid?

Ja. Dette var ei beslutning med mange usikkerheitsmoment ved seg, men det er ei grense for kva ein kan vite på førehand. Det informasjonsgrunnlaget vi hadde var så bra som det kunne blitt.

– Ei samla gruppe ansattrepresentanter meinte at fusjon er eit strategisk feilgrep. Var det kontroversielt å la vere å høyre på dei?

Nei, eigentleg ikkje. Vi lytta ekstra til dei tilsette, fordi dei har mykje erfaring. Men til slutt meinte vi at det var betre argument for fusjon.

– Kva var det viktigaste argumentet mot fusjon?

Hovudbekymringen min var at NTNU skulle brekke ryggen i fusjonsprosessen, fordi ein slik prosess er kostbar. Men eg kom fram til at det ikkje var særleg sannsynleg. I det langsiktige perspektivet trur eg NTNU vil tene på fusjonen.

– Mange tilsette meiner prosessen gjekk altfor fort, nokon hevdar heile medverknadsprosessen var kosmetisk. Skjønar du at det kan vere provoserande for dei at studentrepresentantar no går ut og ber alle om å tenke positivt og sjå framover?

Ja, eg skjønar jo det. Men no er avgjersla teke og då er det lurt å tenkje framover. Eg meiner oppriktig at ein høyrte på alle argument. Men å ta ei avgjersle som nokon er ueinig i, og likevel få dei til å føle at dei blei høyrt, er vanskeleg.

– Taparane vil alltid vere misnøgde?

Hehe, det vil eg ikkje bli sitert på. Viss det i prosessen som leia opp til styrevedtaket var slik at dei følte dei ikkje kunne stille spørsmål ved rammene, vil det vere heilt feil. Men det var jo ikkje slik at nokon sa «dette er det valet vi går mot, men de kan få kome med innspel». Rektor sa ikkje kva han meinte før dagen før vedtaksmøtet.

– I januar hadde de eit allmøte for studentane, der de hadde ei avstemming over dei ulike alternativa. Av dei 60 som var møtt opp, stemte berre 4 for storfusjon. Likevel stemte de mot studentane sin vilje?

For det første var møtet delt. Mange var for fusjon mellom HiST og NTNU, så det var ikkje eit fleirtal som ville at NTNU skulle stå heilt aleine. Den lokale fusjonen var ikkje eit alternativ til slutt, og difor stemte eg for storfusjon. For det andre representerer vi oss sjølv, ikkje studentane. Som styrerepresentant skal vi stemme for det som er best for NTNU, ikkje berre studentane.

– For utanforståande kan det sjå ut som at studentane støttar prosessen, då studentrepresentantane stemte for fusjon. Kva tenkjer du om at de gir legitimitet til denne prosessen?

Eg reknar med dei fleste skjønar at vi ikkje nødvendigvis skal representere majoriteten av studentane. Det skal heller ikkje representantane for dei tilsette i styret. Det har vore argumentert for at alle dei tilsette er mot fusjon fordi dei tilsetterepresentantane i styret er i mot. Det er heller ikkje riktig. Vi blir rett nok valt inn av studentar, men det er ikkje eit direkte demokrati og kvar styrerepresentant må ta dei vedtaka han eller ho meiner er riktige.

– Når studentpolitikarar seier at ein må sjå framover, tenke postivt og konsenterere seg om at samarbeidet blir best muleg, hevdar somme at det er som å høyre ekkoet til rektor Gunnar Bovim. Er studentpolitikarane eit talerøyr for den øverste leiinga?

Nei. Eg syns det er veldig usakleg argumentasjon å beskylde oss for å vere i lomma på leiinga berre fordi vi stemte for noko andre var ueinige i. Då måtte vi jo meint det same som rektor i alle saker og aldri sagt noko mot han. Vi prøver å påverke NTNU til å gjere ting vi vil, og då er vi ofte usamde med leiinga.

– Aksel Tjora spør i eit innlegg: «At studentenes stemmer i NTNU-styret til stadighet går mot de ansattes, vekker forbauselse blant oss fagpersoner: Mangler studentene fullstendig kritisk sans? […] Er studentpolitikerne karrierebevisste broilere som sleiker ledelsen opp i ræva?». Kva svar har du til han?

Det er eit spenstig utsagn. Eg veit ikkje om eg skal svare på det, for eg syns det er heilt usakleg kritikk. Hadde han hatt noko kritikk utover det at vi stemmer det motsette av kva han meiner, kunne eg svart på det. Eg har aldri gjort noko val med tanke på karriere, men gjer det eg brenn for. Eg søkte styret fordi eg ville gjere NTNU grønare.