Diskokule eller romovervåking?

Mange apper krevjer meir informasjon enn nødvendig frå brukaren.

Publisert Sist oppdatert

Ein studie gjort av NTNU i samarbeid med Kyoto University og Nokia Research Center avdekker at mange populære apper krevjer meir informasjon enn nødvendig for å fungere. Dei mest populære appene viser seg ofte å vere dei som krevjer mest unødvendig informasjon.

Forskar Åsmund Nyre i SINTEF IKT meiner brukarane sine krav om funksjonalitet ofte går ut over refleksjonen rundt personvern.

– Internett og smarttelefonar er forhaldvis nytt og det er vanskelig å skjønne rekkevidda av den utviklinga vi ser i dag. Folk flest er meir opptatt av at appen skal fungere her og no enn dei konsekvensane som kan komme av å dele sensitiv informasjon med leverandøren, seier han.

Skinnet kan bedra

Nyre forskar mellom anna på informasjonsikkerheit innan IKT. Han fortel at fleire apper ofte verker meir uskyldige enn det dei potensielt kan vere. Ein gong testa han ut ein tilfeldig valt lommelykt-app, for å få den til å fungere krevde den full internettilgang og moglegheit til å ta opp lyd, video og bilete.

– Om du ønskjer at appen din skal lyse opp som ei diskokule i takt med musikken er det jo kanskje nødvendig, men krava kan jo også passe ein app for fjernstyrt romovervåkning, seier han.

Ifølge Nyre kjem ein langt med å vere kritisk til kva slags apper ein legg til. Han fortel om ein kollega av han som installerte appen "handcent-sms".

– Det var vanskeleg å finne ut kven som er leverandør av appen. Frå nettsidene deira gjekk det fram at dei held til i Kina og berre kalla seg "a group of programmers". Det høyres jo veldig suspekt ut, men når mellom 10 og 50 millionar mennesker har lasta ned appen før deg forsvinn fort dømmekrafta, seier han.

Lite kritisk

Ingeniørstudentane Thea Gjestvang, Erik Knutsen og Andreas Ellingsen brukar alle smarttelefonar, men må innrømme at dei ikkje er så kritiske til kva apper dei legg til.

– Eg tenkjer alltid at eg skal prøve å bli meir kritisk til kva eg legg til, lese personvern og slik, men det hender som oftast ikkje, seier Knutsen.

Nyre trur det er urealistisk at brukarane endrer sine haldningar. Han har heller tru på ei utvikling av ei dataassistanse som kan levere vurderingar av appene og avdekke misforhald mellom krevd og nødvendig informasjon.

– Om ein får eit meir dynamisk forhald mellom funksjonalitet og personvern vil det bli enklare å regulere kva informasjon du deler. Ei løysning kan vere at brukarane i større grad kan velje kva informasjon dei vil dele og at funksjonaliteten blir deretter, seier Nyre.

Kontrollappen

Eit enkelt grep for å ha kontroll over appene er å avinstallere dei ein ikkje brukar, påpeiker Nyre, slik får ein betre kontroll. Dette er noko folk ofte ikkje tenker over.

– Eg har alt for mange apper, meir enn det er plass til på mobilen, seier Ellingsen.

Gjestvang forslår at det burde funnest ein app som kunne styre tilgangen til andre apper. Ifølge Nyre har nettopp dette komme opp som eit forslag av to masterstudentar ved NTNU. Dei har utvikla ein prototyp på ein app som har moglegheit til å styre og begrense informasjonstilgangen til resten av appene på mobilen.

– Appen er foreløpig i idefasen, men den er absolutt god nok til vidare konseptutviklig og kan vere ei god løysning på problemet, seier Nyre.

Powered by Labrador CMS