
Føler seg pressa ut av Studenttinget
Baksnakking, uformelle prosedyrar og hemmelege møte i kulissane. Tidlegare nestleiar hevdar å ha blitt utsett for eit politisk spel i Studenttinget.
Tekst: Ingrid Vik Bakken, Emil Flakk, Halvor Bjørntvedt
Mats Andreassen valte 14. august i år å trekke seg frå vervet sitt som organisatorisk nestleiar i Studenttinget. I pressemeldinga som i etterkant vart sendt ut frå Studenttinget, heiter det at Andreassen trakk seg av «personlege årsaker».
I røynda følte Andreassen at han blei pressa til å trekke seg.
Eit brev som truga Andreassen med mistillitsforslag var katalysator for den brå avgangen til studentpolitikaren.
– Eg mottok 13. august eit lite hyggjeleg brev, signert av ein sentral person i Studenttingmiljøet. Personen uttrykte stor misnøye med oppførselen min, og meinte at eg hadde oppført meg så kritikkverdig at eg ikkje burde få ein ny sjanse, seier han.
Som lyn frå klår himmel
Dusken.no har fått tilgang til det tre sider lange brevet. Ein av påstandane som kjem fram at mange i Studenttinget synest det er ubehageleg å diskutere med Andreassen. Andreassen innrømmer at dette er alvorleg.
– Det er alvorleg dersom folk går rundt og er redd for meg. Men påstandane i brevet kom som lyn frå klår himmel. Berre éin gong tidlegare har leiar signalisert til meg at nokon har problem med meg. Dette skjedde på eit medarbeidarmøte i mai, etter at eg hadde hatt vervet i eit halvt år, seier han.
LES OGSÅ: – Studenttinget er prega av baksnakkingskultur.
Av anna kritikkverdig oppførsel vert det mellom anna nemnt at Andreassen har sete på kontoret i staden for å ete lunsj med dei andre, at han har sett på youtube-videoar i arbeidstida og at han vart sint under ein diskusjon om kva tv-kanal studentpolitikarane skulle sjå Melodi Grand Prix på.
–Ikkje grunnlag for mistillit
Andreassen meiner det aldri burde vore snakk om mistillit for dei nemnte påstandane, og seier at brevet mest av alt er eit uttrykk for ei personkonflikt.
– Mistillit er eit svært alvorleg verkemiddel, og det skal vere snakk om grove brot på vedtektene til Studenttinget når eit mistillitsforslag vert retta mot nokon. Innhaldet i brevet gir uttrykk for at avsendar rett og slett ikkje likar meg. Slike problem er mogleg å rette opp i, men det er leiar sitt ansvar å ta tak i, seier han.
Leiar Elena Slydal for Studenttinget hevdar ho varsla Andreassen så fort ho fekk beskjed om at nokon var redde for å diskutere med han.
– Eg kan ikkje ta opp saker med folk før nokon kjem til meg, seier ho.
Slydal vil ikkje uttale seg om brevet, og korvidt påstandane som kjem fram om Andreassen kvalifiserer til eit mistillitsforslag.
– Det er ikkje mi sak å uttale meg om brev sendt frå medlemar av Studenttinget. Eg har aldri blitt tilsendt dette brevet, og har berre såvidt lest gjennom det, seier ho.
Blei bedt om å trekke seg
Etter å ha lest brevet valte Andreassen å gå heim for dagen. Før han gjekk, spurte han nestleiar og leiar om dei trudde dei kunne løyse samarbeidsproblema, eller om dei meinte han burde trekke seg.
– Det som skjer neste dag, er at nestleiar (Knut Figenschou, red.anm.) kjem inn på kontoret mitt. Han fortel at Arbeidsutvalet (tre personar som er tilsett i 25 prosent stilling, red.anm.), han sjølv og leiar, hadde diskutert brevet punkt for punkt over middag. Han seier deretter at han ynskjer at eg skal trekke meg, og at om eg pratar med kven som helst andre vil dei seie det same, fortel han.
Dette blei dropa som fekk begeret til å renne over for Andreassen. Utan å føle at han hadde tillit frå ein einaste person, valte han å gå av med umiddelbar verknad.
Dusken.no har forsøkt å spørre Knut Figenschou om han hadde fått mandat frå heile leiargruppa til å be Andreassen trekke seg. Figenschou syner til taushetsplikta si og vil ikkje svare.
Etter at denne saka vart publisert tysdag morgon, har Andreassen formelt oppheva tystnadsplikta i den delen av saka som gjeld han. Figenschou ønskjer på replikk likevel ikkje å kommentere saka tysdag ettermiddag.
Kontrollkomiteen ikkje kopla inn
Sindre Høgmo Johansen i Kontrollkomiteen stadfester av det førelå eit konkret mistillitsforslag, men at dei ikkje vart kopla inn.
– Fordi Andreassen trekte seg før ein eventuell mistillit vart fremja for Studenttinget, vart ikkje vi kopla inn. Dermed har vi ikkje noko meir med dette å gjera.
Johansen presiserer at Kontrollkomiteen må halde seg til vedtektene til Studenttinget, og at det er avgrensa kva dei kan gjera. Han ynskjer ikkje å uttale seg nærmare om saka, men meiner saksgangen kan ha vore uheldig og kunne vore gjort med meir openheit.
Manglande referat
Slydal vil heller ikkje kommentere kva som vart sagt på dette møtet, både av hensyn til Andreassen og til dei som deltok.
– Fins det møtereferat frå møtet?
– Nei. Det var ein samtale, ikkje eit møte, seier Slydal.
– I brevet er det snakk om mistillit. Er det riktig å ha eit lukka, uformelt møte i eit slikt tilfelle?
– Ja, fordi Andreassen spurte oss om eit konkret spørsmål. Det var ikkje brevet vi diskuterte, men det var spørsmålet han stilte, seier ho.
Kva samtale Figenschou og Andreassen hadde dagen etterpå, vil ho ikkje uttale seg om.
– Fekk ikkje forsvare meg
Andreassen hevdar han aldri fekk sjansen til å forsvare seg.
– Leiar og nestleiar, i tillegg til Arbeidsutvalet, vel å ha eit uformelt møte der dei går gjennom brevet punkt for punkt. Ingen nøytral tredjepart vert kopla inn. Heller ikkje eg blei innkalt til møte. Eg føler eg blei fråteke rettssikkerheiten min, seier han.
Konfrontert med at Andreassen opplevde at han ikkje fekk forsvare seg, har Slydal følgjande kommentar:
– Kva Andreassen går rundt og føler eller opplever, kan eg ikkje uttale meg om.
– Er det opp til leiinga å be nokon om å trekke seg?
– I og med at Andreassen stilte oss eit spørsmål, forventa han å få svar, seier Slydal.
Ho understrekar at ho tykkjer saka er trist, men meiner ho har takla saka på rett måte.