
Forskning på bekostning av undervisning
– Den tradisjonelle monologen i forelesingar ved universiteta er utdatert, sier Gunnar Østgaard.
Det har skjedd ein eksplosjon i bruk av digital undervisning etter at Nasjonal digital læringsarena (NDLA) starta opp sin eigen kanal på Youtube EDU i mai 2012. Ifølge daglig leiar Gunnar Østgaard i Amendor, digitalt kompetansehus for utdanningsaktørar, har framveksten av digital undervisning i den videregåande skulen ført til betre læring og mindre fråfall. Sidan mai 2012 har norske vidaregåande skular sett over 80 000 visningar på Youtube. 165 000 minutter med digital undervisning er avspilt.
Østgaard meiner at desse resultata også kan overførast høgare opp i utdanningssytemet, til universiteta og høgskulane. Universitetet i Stavanger gjennomførte i perioden september 2011 - september 2012 eit prosjekt der dei digitalisere undervisninga ved å legge ut podcasts frå forelsningar i iTunes.
– Etter dette forsøksåret kunne ein sjå ein reduksjon i stryk med 1/3, og at karakterane A og B auka og med 10% - mykje takka vere podcastordninga. Den gir studentane ein moglegheit til å følgje forelesningar når det passar dei sjølve, seier Østgaard.
Ønskjer pedagogikk framfor forskning
Inspirert av BIs rektor Tom Colbjørnsens blogginnlegg "Forelesninger er morgendagens papiraviser", påpeiker Østgaard at den tradisjonelle monologen ein finn i mange forelesningsalar ved norske universitet og høgskular gir eit dårleg læringsutbytte og har feil fokus.
– Det faglige innhaldet i pensumet er ofte tilfredsstillande, men den pedagogiske undervisningsstilen til mange av forelesarane er ofte dårleg. Det er eit stort behov for å utvikle betre læringsformer innan norske universitet og høgskular, gjerne slik at ein kan sjå meir interaksjon mellom forelesar og student, men også studentane imellom, seier Østgaard.
Mange av dei største norske universiteta, deriblant NTNU, har eit stort fokus på forskning. Østgaard stiller seg spørjande til kva utbytte den gjennomsnittelige studenten får av dette.
– Fokuset NTNU har mot forskning går på bekostning av studentane og deira læringsutbytte. Utan forskarar som forelesarar ville det vore ein betre skule, seier han.
– Det er studenten som er kunden
Østgaard trekk fram privatistskulen Akademiet og Handelshøgskolen BI sitt fokus på studentar. BI har til dømes uttalt at studentane er fornøgde med høgskulen nettopp fordi dei ikkje vektlegg på forskning, men får brorparten av sine inntekter frå studentane. I mange av faga ved BI følger studentane videoforelesningar og dermed frigjeres det meir tid til veiledning. Foreleseren får ein heilt annan rolle enn den tradisjonelle professoren.
– Det ville vore givande for eit universitet som NTNU å integrere haldningar som ein finn hos Akademiet og BI. Det er studenten som er kunde hos NTNU, han skal ikkje godta lite tilfredsstillande tilbod og undervisning. Det er ikkje studenten det er noko feil med, det er universitetet, seier han.
Likevel påpeiker Østgaard at det finnes fleire vegar til målet. Den tradisjonelle forelesningsmetoden kjem ikkje til å dø over natta, men at e-læring og andre alternative læringsformer kan vere gode supplement. Østgaard kritiserer dagens forskingsordning, der forskninga foregår heilt separat frå undervisninga.
– Slik situasjonen er i dag kunne ein total separasjon mellom undervisning og forskning vore ei god løysning. På den andre sida er det håp for ein studentintergrerande "open science" forsking, der studenten deltek i forskinga og får meir eigarskap til ho, seier han.
Prestisje og pengar
Seniorrådgivar Kirsti Rye Ramberg ved NTNU meniner det er vanskelig å kunne skilje forskning og undervisning.
– Forskning og utdanning påverkar kvarandre gjensidig, det er difor ikkje noko motsetningsforhald mellom dei. Samstundes er det mykje meir prestisje og pengar å hente i forskning samanlikna med utdanning, seier ho.