
Meir enn ein studentby
Trondheim slit med å halde på studentane etter endt utdanning. Trøndelagsdagen ønskjer å endre denne trenden.
Det viser seg at Trondheim slit med å halde på studentane etter endt utdanning. Dette kom fram i adressa sitt intervju med dagleg leiar Kim Sørenssen i studentorganisasjonen StudiebyEN, i byrjinga av januar.
– Vi er nødt til å behalde ein noko større andel av kompetansen i trondheimsregionen for å fortsatt kunne tilby like gode, eller betre studier enn dei andre studiebyane, sier Sørenssen til adressa.
Trøndelagsdagen er eit steg i riktig retning. Den blei i dag haldt på Rica Nidelven Hotell i regi av Næringsforeningen i Trondheim (NiT). Hovudmålet er å gjere jobbmoglegheitene i Midt- Noreg meir synleg for byens studentar.
Se Student-TVs reportasje fra arrangementet her
Må by på seg sjølv
Adm. dir. Berit Rian i NiT meiner bedriftene i Trøndelag har ein jobb å gjere for å formidle seg sjølve til studentane, noko som må ta deler av skylda for at mange velger å reise frå studiebyen som ferdigutdanna. Rian seier det fins fleire løysningar og at denne dagen er eit springbrett til nyrekruttering for bedrifter i regionen.
– Gjennom workshops, karrieredagar og stands på arrangement som dette viser bedriftene ein interesse i studentane. Å ta inn studentar som assistentar, vikarer og i prosjektoppgåver er også ein god måte å by på seg sjølv, seier ho.
Eit døme på dette er Trøndelagsdagen sin eigen prosjektkoordinator Therese Krogh. Ho studerer industriell økonomi og teknologiledelese ved NTNU og har vore deltidsansatt i NiT i eit år. Jobben fekk ho nettopp fordi ho var interessert i kva jobbmoglegheiter som fanst i Trondheimsområdet.
– Både skular, studentar og forskjellige bedrifter er presentert. Det er viktig å fremme byen som noko meir enn ein studentby, slik kan vi beholde fleire nyutdanna og skape ei lyst til å bu her, seier ho.
Blant bedriftene som har stands står Nina Lodgaard frå Prosjektutvikling Midt- Norge AS. Ho viser til at mange mindre bedrifter ikkje har eit like stort markedsføringsapparat som dei større bedriftene. Dette byr på problem når ein skal rekruttere nye arbeidarar.
– I konkurranse med større og meir landsomfattande konsulentfirma kan det ofte vera vanskeleg å stikke seg ut. Å delta på slike dagar er gull verdt for oss, seier ho.