RADIKAL TUBA: - Det er artig å vise tubaen i ein annan sammenheng, det er litt av målet, seier Kristoffer i Pelbo. (Foto: Eivind Sponga)

Tuba-tornado i anmarsj!

Pelbo sel cd-ar med ein vaffel attåt, foreløpig utan livvakter.

Publisert Sist oppdatert

– Tenk om ingen kjem da!

Vi er backstage med Pelbo på Samfundet. Ine har nettopp uttrykt einkvar musikar si store frykt. Tenk om dei må spele for ein tom Klubben?
Ine Hoem på vokal, Kristoffer Lo på tuba og Trond Bersu på trommer utgjer bandet Pelbo. Det er laurdag kveld, og 20 minutt til dei skal på scena. Ine sit og skriv setliste, Trond jaktar på kaffi og Kristoffer har tatt plass i ein stol. Han er utolmodig.

– Denne ventinga er den kjedelegaste delen. Eg er her for å spele, ikkje for å sitje backstage, seier han.

– Eg likar det eg, det er litt koseleg, seier Trond, som endeleg har fått ein kaffikopp i handa.

Rett etterpå kjem ein i crewet inn og fortel at konsertstart er utsatt med 30 minutt. Kristoffer må nok vente litt til.

TO DAGAR SEINARE møter vi dei på Dragvoll, siste ledd i Trondheim før turneen fører dei mot den store byen i sør. Trond står på scena og skrur i hop trommesettet, Kristoffer spelar skalaer på tubaen og Ine held handa på magen medan ho spankulerar rundt i Gata og bryt ut i spontane «eey» og «heey». Tonane er vilkårlege, men etter kvart som stemma vert varmare glir det over i kjende Pelbo-fraser.

– Eg gløymde kvar eg er hen. Før torde eg ikkje å varme opp framfor andre, seier ho.

Foto: Eivind Sponga, Under DuskenPROMOKAMP PÅ NORDRE: Herman Ekle Lund og resten av crewet let vaffelhjarta tale deira sak. (Foto: Eivind Sponga)Pelbo vart starta i 2007. Ine og Kristoffer hadde ein duo, og Trond spurte om å få vere med. Litt slik som når ein er liten og leikar i sandkassa, det behøver ikkje å vere meir avansert enn det.

– I byrjinga spelte vi meir akustisk og jazz. Vi har watta opp lydbiletet sidan den gongen, seier Ine.

Det har òg vorte meir jobbing, spesielt det siste året, men den mest intenseperioden er likevel rett rundt hjørnet med konsertar i både aust og vest.

– Eg søv meir saman med Trond enn med kjærasten min, seier Kristoffer.
DET ER IKKJE lett å plassere Pelbo i ein bestemt sjanger, og ifølgje dei sjølve seier jazzfolket at Pelbo er rock, medan rockarane held fast ved at Pelbo er jazz.

– Vi har ikkje mange jazzreferansar med unntak av stemma mi. Gutane er meir rocka, seier Ine.

Ho tenker litt og kjem med ein konklusjon ein politikar verdig.

– Vi er ein fusjon.

Og ho har rett i det. Med cowboystøvlar, mørkeblå jeans, naglebelte, svart skinnjakke og ei kraftig metallenke rundt halsen er skjåkværingen Trond i alle fall den som ser mest rocka ut. Måten han dannar rytmene på er òg definitivt meir i rockeleiet enn i jazzgata.

Så har vi Ine. Ine som ofte svaiar litt i kroppen når ho syng, lukkar augene på ein intens måte og gir ein jazza bit til trioen. Kristoffer er litt verre å plassere. Ein assosierar sjeldan tuba med rock, men når han har tubaen hengande bak på ryggen slik ein gitarist ofte ville gjort med gitaren, og kastar seg mot mikrofonen vert det litt rocka likevel. Resultatet er noko som få har sett eller høyrt før.

– Vi tenkte ikkje over at lydbiletet var så originalt då vi byrja. Vi tre ville berre spele i lag, seier Trond.

Foto: Christina Undrum Andersen, Under DuskenTRØNDELAGSTURNE: Pelbo heldt tre konsertar på fire dagar. Ein del av dei var på Dragvoll i høve hundreårsmarkeringa. (Foto: Christina Undrum Andresen)Og det originale lydbiletet meiner dei er ein av grunnane til at Pelbo skal klare å slå gjennom.

– Vi gjer ein sjangercrossover som ingen har høyrt før, og det fungerar veldig bra live. I tillegg har vi alle jobba lenge med instrumenta våre og gjort mykje impro. Det gjer oss leikne, seier dei.

DEI TRE TRAFF kvarandre på Sund Folkehøgskule på Inderøya, og alle har fullført Jazzlinja ved NTNU. Dei er alle musikkinvolverte menneske, og Kristoffer kan nesten ramse opp eit tosifra tal på band eller musikkprosjekt som han medverkar i. Ine og Trond har òg prosjekt ved sidan av Pelbo.

– Det er litt uvant innan miljøet å vere involvert å så mykje, men det er berre positivt. Det vi gjer ved sidan av tek vi med oss inn i Pelbo, seier Kristoffer.

FYRSTE GONG vi treffer Pelbo, er på Platekompaniet i byen, nokre timar før konserten i Klubben. Det er leidningar og ulike boksar overalt. Usystematisk for eit utrena auge, fullt forståeleg for dei tre i bandet som er fullt opptekne med å få alt på plass.

– Vi får berre teste lyd i ti minutt når vi fyrst startar, seier Ine.

– Tre, korrigerar Kristoffer.

Ine byrjar sjekken.

– Då, då, då, då, seier ho i eit robotisk tempo inn i mikrofonen.

Det er starten på releaseturneen, byrjinga på alvoret. Plata deira er i butikken, og dei fyrste omtalane står allereie på trykk.

Foto: Eivind Sponga, Under Dusken(Foto: Eivind Sponga)– Det held ikkje at ein er fornøgd sjølv når noko kjem på trykk. Eg bryr meg om kva folk skriv, men jobbar med å verte tjukkhuda, seier Ine.

Lydsjekken er over, og vi spaserar oppover Nordre. Øvst i gata finn vi eit grønt og stort hustelt som forlot glansdagane sine for fleire tiår sidan. I konkurranse med politiske parti og idealistiske organisasjonar, brukar promoselskapet ei stram vaffellukt til å lokke potensielle CD-kjøparar inn i teltet, i tillegg til flyers sjølvsagt. Seljarane er kledd i huer og t-skjorter med Pelbo-trykk på, som ein òg kan få kjøpt med ein vaffel attåt.

TILBAKE TIL LAURDAG, og konserten i Klubben.

– 5 minutt igjen no, Klubben er stappfull, kjem det frå crewet.
Det er ikkje eit snev av nervøsitet å spore blant dei tre hovudpersonane. Det er dette dei har venta på. Ine tek ein siste kik i spegelen.

– Det er til og med gitter framom scena i tilfelle folk kjem springande og ropar «Ine», seier ho med ein ironisk undertone.

– Eg gler meg til den dagen vi får livvakter, føyer ho til før Pelbo går ut døra frå backstageområdet og inn i framtida.

Powered by Labrador CMS