Frivillige folk er trivelege folk

Lik andre festivalar er Pstereo heilt avhengig av sine frivillige «matrosar». For å få eit innblikk i korleis det er å vere frivillig under festivalen har vi fulgt ulike matrosar gjennom dagen.

Publisert Sist oppdatert

Om du har sett filmen Juno frå 2007, huskar du kanskje at filmen er delt inn i fire segment etter dei ulike årstidene, der løpelaget til Junos kjæreste spring frå eine årstida over i den andre. Denne følelsen av dei skiftande årstidene brukar eg å få når eg går langs Nidelva. På hausten er det særleg Marinens forvandling til Pstereo som fører meg over frå sommar til haust, og det skjer gjennom løpelaget til Pstereo, matrosane.

I år har festivalen bydd på ulikt haustvær, med både sol, regn og torden. Blant solstrålane, regnbygene og tordenbraket har rundt 700 matrosar sprunge rundt og ordna i stand årets Pstereo.

Ingrid Christiansen i baren på Forte

Eg møter Ingvild Christiansen som hadde tre dagar til disposisjon, og eit ønske om å sjå Sigrid. Ho fekk fri første kveld, og har stått i bar dei resterande kveldane under festivalen.

Jørgen Sørgård Svenning er eitt av smila du møter i tegneboksa.

Annbjørg Stø står i akkrediteringsboda for tredje året på rad og gir festivalband til frivillige, presse og gjestar. Jørgen Sørgård Svenning knipsar bilde i den nye tegneboksa, og blei huka inn av ein bekjent.

Jørgen Sørgård Svenning godt nøgd med å vere ferdig på vakt.

Les også: Pstereomerch har fått nytt liv

Ikkje berre ute etter gratis festivalpass

Som frivillig på Pstereo jobbar du anten tre dagar utanom festivalen og får fri under sjølve gjennomføringa, eller så jobbar du to dagar i løpet av helga og får ein dag fri.

– Det hadde jo vore meir økonomisk for meg å jobba ein åtte timers dag på aldersheimen der eg jobbar, i staden for 9,5 timar to dagar, seier Christiansen.

Å vere frivillig under Pstereo byr på mange større og mindre augneblink, frå dei hyggelege samtalane i baren før det verste trøkket startar, der Ingvild held på å bli overtalt til å bli med i på svømmelaget til ein annan frivillig, til du får sjå Cezinando halde eit forrykande sceneshow på kvelden. Jørgen trekk og fram samhaldet i den vesle tegneboksa.

– Vi har hatt det mykje morsomt med å rive opp vindauget idet folk bankar på. Då er det mange som blir skremt, humrar han saman med sidemannen som tydeleg er ein medsamansvoren i leiken.

Les også: Vi har testa maten på Pstereo

Blir ein del av den store gjengen

Dei eg snakkar med under festivalen har ikkje sitt einaste frivillige verv her på Marinen, og tesa mi om at er du først frivillig her, er du frivillig andre stader også, blir forsterka.

Annbjørg kallar seg sjølv ei «vervhore», og seier avhengigheita starta det året ho hadde breiddeår på studiet. Grunnen til at ho er med i fadderutval, er fakultetstillitsvalt og frivillig på ulike festivalar handlar om det å vere ein del av noko større, og det å føle eigarskap for at noko går rundt.

– Eg trur ikkje på det å vere 100 prosent altruistisk, det ligg noko egoistisk bak. Å kunne seie at Pstereo det og det året var bra, og at eg var med på å skape det, er noko av grunnen til at eg er frivillig.

Annbjørg kan snart kalle seg veteran, med fjerde året som frivillig på Pstereo. Ho jobbar med ein liten gjeng i akkrediteringsbuda der samhaldet står sterkt. Kanskje ikkje like aktuelt som hos andre matrosar, men om du ikkje føler samhald i den vesle gjengen du jobbar med, prøver Pstereo å gi deg følelsen av å vere med i den store gjengen, ifølge Stø. Gjennom eksempelvis kick-off-fest på Boxer, frivilligfesten seinare i august, når solskinspatrulja deler ut godteri eller når Annbjørg sjølv tek deg imot med eit smil i akkrediteringsbuda første dagen din som frivillig.

Neste haust vil ein ny samansetnad matrosar vere med på å setje strek på sommaren for meg, ikkje i lange strømper og alt for korte shortsar som Michael Sera i Juno, men i nye årets Pstereo-skjorte. Til tross for mange nye ansikt, er det nok eit vi vil finne igjen.

– Eg blir her så lenge eg får lov, seier Stø.

Powered by Labrador CMS