Kulinariske Pstereo

To av våre journalistar har smakt dei mest solgte rettane årets matboder har å tilby. Vi har også testa kor festivalvennlege dei er.

Tekst: Marlen Aurvåglid Ramstad, Kristina Bye

Una Autopizzeria: Pizza Salame Calabrese 120,-

Med eit godt køsystem og ein samanbretta pizza er denne både praktisk og du får den raskt i hand.

Marlen: – God botn, men blir litt for mykje. Overskyggar fort resten av pizzaen, men når du først kjem deg inn til midten har den ein god balanse.

Kristina: – Denne er dritavennleg!

Falafelkompaniet: falafelrull 115,-

Marlen: – Ein av mine favorittar. Får lyst på ei eiga takke så eg kan lage like gode løfser. Mykje smak, saftig og mettande.

Kristina: – Ta det frå ei som ikkje er så glad i falafel: dritgodt.

Færsk: Pokesalat m/avokadokrem 120,-

Denne retten tykte vi var både visuelt stimulerande og smaksrik. Kjem i pappboks så er lett å ha med på eventyr. Poke har forøvrig same uttalelse som i pokémon.

Marlen: – Sylta rødløk er undervurdert.

Indian Tandoori: Samosa 60,-

Vi savnar ein meny med oversikt over kva dei har, men om du er lurare enn oss sjekkar du ut menyen på appen før du går til kassa. Vi gjekk for samosa, som er eit fint lite måltid om du berre er litt svolten. Trur dog sjansen er stor for å finne ein rett som gjer deg meir enn mett her, men dei er ikkje veldig konsertvennlege.

Marlen: – Litt tørt, men spennende.

Kompis : Kompisburger 115,-

Årets nykomar tilbyr ein estetisk vakker burger, med mykje godt tilbehør. . Har ein svak røyksmak grunna kolgrillen, men utanom det er den ikkje veldig spennande.

Kristina: – Smakte burger.

Lysklæt : Kalveburger 125,-

Kjedeleg hevdar nokon. Enkel kvalitet hevdar andre (eg). Etter mykje fancy mat var det godt med eit heimelaga brød, ei god burgerkake, litt sylteagurk og dressing. Sjølv om vi mistenker litt for mykje potetmjøl i burgerfarsa.

Marlen: – Burgeren er eit godt tilbehør til rockekonsert.

MELT: lasagne 139,-

Crispy og saftig, vil påstå den slår både burger og pizza som festivalmat. Man kan ende opp med oransje munn, så vêr obs.

Marlen: – Mykje ost, men framleis noko av det beste eg har spist i dag.

Powered by Labrador CMS