Pstereomerch har fått nytt liv
I år tilbyr Prisløs gammalt Pstereomerch i nytt format.
Dette er tredje året Prisløs stiller ut dei vakre kjolerekkene sine til Pstereo, men i år er det ikkje berre gammal vintage dei har teke med seg.
– Ei nydeleg symbiose
«Matrosane», dei frivillige under Pstereo, får kvart år utdelt ei matrosskjorte med nytt design. Med festivalens ellevte år, seier det seg sjølv at det har blitt ein del skjorter opp gjennom åra. Pstereo har spurt Prisløs om å selje gamle frivilligskjorter, der Prisløs no har sytt om og redesigna dei.
– Pstereo lurte på om vi ville selge merch, vi ville redesigne og saman ble det ei nydeleg symbiose mellom Prisløs og Pstereo, seier Sophia Josefin Johansson hos Prisløs.
Les også: Vi har testa festivalmaten på Pstereo
Frie tøylar
Samarbeidet gav gjenbrukskollektivet sjansen til å eksperimentere, der blant anna kloring og farging har tilført kleshengarane ulike croptops, tote bags, bomber jackets og buksedressar. I tillegg har dei sydd saman pstereoskjorter med bukser dei har hatt ståande i butikken, som må vere det ultimate eksempelet på symbiosa Johansson snakkar om.
På spørsmålet om det var ein ting dei var spesielt stolt over å ha redesigna, var svaret ei gammal korpsjakke med Pstereo-logo på. Denne var planlagt for auksjon, men blei dessverre selt ved ei uhell.
Sigrid på Pstereo: – Midt på treet fra Pstereos gjenganger
Travel sommar
Dette er tredje festivalen Prisløs har vore med på i sommar, og dei seier sjølv dei er veldig glade i akkurat Pstereo-festivalen. Og det er dei nok ikkje åleine om. Pstereo er ein festival mange har lagt inn som fast augustinnslag. Eller, som mange studentar har lagt inn som ein fast start på semesteret. Ifølge Pstereo sjølv får festivalen ein stadig større plass i hjertet til trønderar og tilstrøymande publikum.