Rapport frå annleis-året

Pandemi, presidentval og metervis med avstand. Tre studentar fortel om si oppleving av 2020.

Publisert Sist oppdatert

Kva har du gjort det siste året?

Beata: Eg tok permisjon i januar for å vere praktikant på den norske ambassaden i Warszawa. Der sprada eg rundt med formelt antrekk og ambassadeskilt. Veldig intenst, men òg veldig lærerikt.

Då koronaen kom, byrja telefonane til ambassaden å handle mindre om kor mykje polsk skinke ein kan ta med seg til Noreg og meir om reiserestriksjonar.

Det var eit godt høve til å lære om kriseberedskap, og eg hadde kjøpt inn ei solid mengde vin for lange kveldar i isolasjon. Den 13. mars blei eg nøydd til å dra hjem likevel, etter beskjed frå Utanriksdepartementet.

Midt i eksamensstresset døydde mormora mi, som budde i Polen. Me måtte følgje grav- ferda via Skype. Det var heilt forferdeleg å ta avskjed på den måten.

Eg har òg blitt gode vener med naboen i blokka, pensjonisten Arne. Kona hans døydde tidleg i fjor, så eg drog innom ein dag med trøystebollar og brus. No møtest me stadig for å snakke om livet og jamme i lag, han på trekkspel og eg på fiolin. Med god avstand, sjølvsagt.

Marita: Dei fyrste månadane av 2020 levde eg studentlivet til det ytste. Då alt stengde i mars, syntest eg faktisk at det var godt å bruke mykje tid på å gjere ingenting.

Det tok likevel ikkje lange tida før eg byrja setje pris på alt eg kunne gjere tidlegare. No gjekk eg lange turar kvar dag for å møte vener og få tida til å gå.

Eg fullførte andreåret på lektorstudiet, men drog på meg samstundes senebetennelse i begge hendene. Derfor var eg særs nøgd då eg kunne ta meg sommarferie frå tastaturet, og heller gå fotturar og slappe av på hytta.

I haust byrja eg på det illgjetne femtesemesteret, med sju veker i lærarpraksis. Semesteret gjekk overraskande fint, heilt fram til eg innsåg den negative verknaden av å utsetje alle eksamensoppgåvene til siste stund. Eg kom meg heldigvis gjennom, og det utan senebetennelse, men juleferien var som alltid kjærkomen.

Simen: Vårsemesteret gjekk med til å skrive masteroppgåve i nanoteknologi. Med datasimuleringar og maskinlæring prøvde eg å finne nye nanomateriale som kan avverje is på vindmøller, og studien endte faktisk opp som ein publisert artikkel.

Frå hausten av har eg sete i styret til NTNU som representant for studentane. Den siste tida har det ikkje vore lett å vere student, noko som også påverkar styret. Det har naturlegvis blitt færre møte med studentar og tilsette enn eg skulle ønskje, men det har vore fint å vere del av NTNU-apparatet. Her er mange flinke folk som vil alle vel.

Utover det har eg vel gjort som mange andre: hatt møter på Zoom, fest på Zoom, spelt «Among Us» på Zoom, hatt dårleg internettsamband på Zoom – og kjøpt ny ruter.

Korleis har koronapandemien påverka livet ditt?

Beata: Eg er vand til å kunne planleggje og sjå framover, men det er det ofte ingen vits i no. Sjølv om eg blir umotivert og apatisk av at koronaen dikterer alt, har eg òg lært meg å fokusere på å gjere det beste ut av noet.

Eg merkar òg småting, som at eg ikkje kan sjå filmar utan å reagere på at folk ikkje held avstand. Ein blir medviten på at alt faktisk kan skje, og ikkje berre på film.

Så har eg òg møtt kjærasten min! Me byrja å date i sommar. Hadde eg ikkje kome heim i mars på grunn av koronaen, er det ikkje sikkert at det hadde skjedd.

Marita: Alkoholkonsumet mitt har endra seg mykje. I starten syntest eg det var ei lette å sleppe å kaste vekk kvar einaste sundag på å vere fyllesjuk. Men i haust sakna eg det sosiale ved fylla, meir enn nokon gong. Likevel har eg i lag med kohorten min hatt mange fine stundar, utan fyllesjuke dagen etter – det har vore veldig fint, det òg!

Eg må seie at eg har blitt overraska over kor mykje av dei enkle tinga i livet eg før har tatt for gjeve. Alt er jo eigentleg veldig sårbart. Eg trur på éin måte at eg har hatt godt av å erfare ein pandemi, sjølv om det har vore slitsamt.

Simen: Eg var ganske sikker på at eg var god på smalltalk før pandemien. Men eg har funne ut at smalltalk på videomøte er eit heilt anna spel, som eg ikkje meistrar i det heile tatt. Så til dei som er gode på det: Eg misunner dykk veldig!

Eg har blitt overraska over kor lang tid denne pandemien varer. I starten var eg nok blant dei over-optimistiske som trudde at det kom til å gå over i løpet av berre nokre veker, men her sit me enno. Samstundes har eg nok blitt meir tolmodig sidan den gong.

Det vanskelegaste for meg har nok vore å sjå korleis koronaen har påverka oss studentar. Eg sit jo i styret på eit universitet, ein institusjon som er laga for at me skal møtast, dele tankar og idear, utforske. Å sjå studentane miste det høvet i så stor grad, det gjer vondt.

Utanom korona, kva vil du trekkje fram frå 2020?

Beata: Det har skjedd så frykteleg mykje i år, det er mest ikkje til å fatte. Høgde- punkta har kanskje vore Black Lives Matter-rørsla og presidentvalet i USA. Protestane i Polen kring innstramminga i abortlovgivinga og presidentvalet der har òg tydd mykje for meg.

Marita: Eg har flytta frå plassen eg har budd i tre år, og byrja i haust i ein ny jobb som eg trivst veldig godt i.

I praksisperioden var eg på ein vidaregåande skule, noko som var både inspirerande og lærerikt. Det gav definitivt meirsmak på læraryrket.

Det amerikanske presidentvalet har jo òg vore litt av eit sirkus. Og med litt betre forståing for kva valet eigentleg går ut på, var det ekstra interessant å følgje med.

Simen: Eg har følgt nøye med på USA. Då eg var der på utveksling for halvanna år sidan, overraska det meg kor vondt og vanskeleg mykje var der. Det har nok gått opp for fleire i løpet av året kor komplisert USA er. Eg håpar verkeleg at landet kan få ei stabil framtid.

Den lykkelegaste augneblinken for meg var då rektor informerte styret om at NTNU gir ekstra 40 millionar til nybygg på Samfundet. Då blei eg skikkeleg glad.

Så kom eg på andreplass i den store hi-ha-ho-turneringa til AdamsEplekor, mannskoret til nanoteknologi. Eg er litt skuffa, for eg er ganske sikker på at eg eigentleg er flinkare enn han som vann.

Beste kulturopplevingar i 2020?

Beata: Det nye albumet til Grimes, Miss Anthropocene. Eg elskar konseptet med klimaendringane personifisert som ei kosmisk gudinne.

Av film vil eg trekkje fram den polske Corpus Christi, og Lars von Triers Melancholia som eg såg på Samfundet. Det var fyrste gong eg såg han i storformat og i koronatid. Då trefte dommedagskjensla ekstra hardt.

Marita: Vigdis Hjorts Arv og miljø og romanane til Lars Mytting.

Eg har høyrt mykje på Veronica Maggios nyaste album Fiender är tråkigt og Linnéa Myhres podcast Gi meg alle detaljene.

Krimdramaet Shetland var perfekt å følgje under nedstenginga, og dramaserien Et sted å høre til blei eit godt avbrekk under den travlaste perioden i haust.

Simen: Eg kan vel starte med å seie at «One World: Together at Home» (digital støttekonsert i regi av Global Citizen, WHO og Lady Gaga. Red. anm.) ikkje når topplista her. Då trekkjer eg heller fram Pixars Fremad. Fyrst trudde eg ikkje eg likte filmen, men dei siste ti minutta knakk eg berre saman i tårar.

Kva trur du om 2021?

Beata: Fyrst og fremst vil eg berre overleve. Så tar me det derfrå.

Marita: Eg ser fram til at det blir lysare og varmare i vêret. Fram til då vil eg prøve å få til fleire hytteturar, spelkveldar og gode måltid med venegjengen. Eg trur det blir eit godt år, men me må forsøke å ha realistiske forventinger til vaksineringa. Og eg håpar me klarar å setje meir pris på dei tinga me sakna i fjor. Eg har samstundes trua på at me snart kan gå frå å seie «alt blir bra» til «det meste er bra».

Simen: Eg skal halde fram i styret til NTNU, og gjere så godt eg kan for at studentane skal ha det bra i ei særskild uvanleg tid. Etter sommaren er eg neimen ikkje sikker. Truleg ender eg opp som programvareutviklar ein plass i Tigerstaden.

Eg trur pandemien går over, men eg er meir realist enn optimist. Me kjem nok til å sjå store øydeleggingar, i alt det som vaksinen ikkje hjelper mot. I 1945 sette studentane opp UKA i rekordfart, og hadde ei heidundrande feiring. Det synst eg me òg skal gjere, men eg håper at me òg evnar å hjelpe dei som har hatt det endå vondare enn oss.

Powered by Labrador CMS