-Rektor, høyr: barn i Gaza døyr
I dag droppa mange studentar forelesing for å gi ei tydeleg beskjed til NTNU-leiinga.
I dag 2. februar blei det holdt demonstrasjon for akademisk boikott av Israel og stans i samarbeid med våpenprodusentane Kongsberg Gruppen og Nammo. Studentar for Palestina Trondheim arrangerte demonstrasjonen.
- Eg vil takke alle dykk som møtte opp her i staden for å dra på forelesing, seier appellant Ahmed Alamleha.
Appellanten fortel at dei er nøgde med oppmøtet, trass veret.
Han leia demonstrasjonstoget på Gløshaugen med kamprop til støtte for Palestina. Toget stoppa foran hovudbygget for å tale direkte til rektoratet.
- Rektor, høyr: barn i Gaza døyr!
Leiar av Studentar for Palestina i Trondheim, Magnus Barka Hjelle, meiner at det er opp til studentane å legge press på NTNU-leiinga.
- Å skape endring tar tid, og det kjem fleire demonstrasjonar framover.
Politisk nestleiar i Studentersamfundet Liva Rindom Tofte haldt ein kort appell på vegne av Samfundetstyret.
- Den 18.november vedtok Storsalen eit resolusjonsforlag om at Samfundet fordømmer åtaka på Gaza og definerer det som folkemord. Samfundet boikottar israelske varer.
Tofte seier at Samfundetstyret stiller seg bak krava frå Studenter for Palestina.
Samfundsmøteansvarleg Katja Brødholt oppfordrar studentane om å engasjere seg ved å bruke medlemskortet sitt på laurdag.
- På Samfundsmøte i morgon skal Storsalen mellom anna røyste over resolusjonsforslag som seier at Samfundet skal unngå samarbeid med våpenprodusentar.