Studentkavalkaden

18 nummer kjempa om pris under årets Studentkavalkade

Eit breitt spekter av revynummer fekk skine for ein fullsatt Storsal.

Publisert

Eit velantrukke publikum møttest til eit utseld Storsalen, torsdag kveld. Samtlege verka klare for å sjå kremen av Trondheims studentrevy. Ein jury på fire eminente dommarar skulle i løpet av eit par timar avgjere beste nummer, beste musikalske nummer, open klasse og kven som hadde gjort seg mest fortent til talentprisen. I tillegg til desse hyllestene blei også publikumsprisen delt ut.

I juryen sat skodespelar Anna Berentina Røe, juryformann frå Norsk Revy Pål Hasselvold, mangeårige aktive UKEfunk Martin Næss og Nora Bugge Pasca frå Studentersamfundets Interne Teater.

Årets kavalkade bestod av 18 nummer, fordelt mellom 11 ulike studentrevyar. Abakusrevyen, Byggrevyen, Psykologirevyen, Indøkrevyen, Naborevyen, Omegarevyen, Emil og Smørekoppen og Nablarevyen bidrog med to nummer kvar, medan Saltrevyen, Realfagsrevyen hadde eitt.

PENDLERLEILIGHET: Årets publikumpris gikk til Emil og Smørekoppen.

Det blei delt ut totalt fem prisar under kavalkaden, alle til ulike studentrevyar. Det var Emil og Smørekoppen som stakk av med kveldens gjevaste pris, Publikumsprisen, under årets Studentkavalkade. Dei får med nummeret «Pendlerleilighet» direkte kvalifisering til studentrevyen under UKA i Ås. Utdelinga blei møtt med stor begeistring frå publikum, og det er inga tvil om at mange var nøgde med resultatet. Vinnarane hadde ei innleving som fekk med seg heile publikum, og dei gjorde Karpe sin låt til sin eigen, utan å bringe den i vanry.

Juryens vurderingar

Naborevyen vann årets musikalske nummer for «Kongen av BI», med sin framstilling av pappagutt med Tesla i kjente dansebandtonar. Nummeret hadde både god tekst og godt innlevd framføring, og med ein evne til å få med publikum på allsong, var prisen vel fortent.

Prisen for årets open klasse gjekk til Omegarevyen med nummeret «Mobilabonnement», der skodespelarane leika seg med dialektbruk og ulike appellformer for å nå ut til nye kundar. Juryen trakk også fram regien i grunngjevinga si og det var inga tvil kor i salen omegagroupiane sat og jubla for prisen.

Beste sketsj gjekk velfortent til Abakusrevyen for nummeret «Konskulenter uten grenser», der det sparka ekstra godt. Skodespelaren hadde publikum i si hule hand heile den energiske monologen gjennom, og av juryen fekk ho også ros for sin gode komiske timing.

Ein av kveldens siste kåringar var talentprisen, basert på innsendte nominasjonar. Denne gjekk til regissør av Realfagsrevyen Jonas Forsberg, som etter følgande skal ha vore ein pådrivar og forutsetnad for å halde heile Realfagsrevyen i gang.

Etter utdeling av prisar og gledesbrøl frå ulike gjengar, var det også på sin plass å takke bandet med trampeklapp for å ha spelt knirkefritt gjennom heile arrangementet, utan å gjere seg ekstra til.

Rart og artig

Forutan dei som fekk pris i løpet av kvelden, synest eg det er verdt å trekke fram Indøkrevyen sin «Erotisk kjærlighet» der dei framførte slampoesi med ei god innleving og trygg framføring.

Det er også verdt å nemne Nablarevyen sin «Spansk sykehusdrama» som ikkje verka å bli like godt motteke blant publikum som den kanskje fortente. Nummeret var komisk og rart, men kanskje litt for avansert for det raske tempoet som var sett under årets kavalkade. Ros skal dei likevel ha.

Det var også god stemning blant publikum under den velkoordinerte linedansen i «Mye å lære», samt ved «Zombieland» sin punchline, begge nummer frå Psykologirevyen.

Samla sett viste Studentkavalkaden eit breitt spekter av ulike nummer, og truleg noko for ein kvar smak. Sjølv om ikkje alt hadde same kvaliteten, verka publikum nøgde med kveldens underhaldning, og dei verka også samde i juryen sine avgjersler.

Powered by Labrador CMS