Samfundetleiar

6. februar, ein dag for fest og sinne

Tirsdag 6. februar heng samiske flagg over Samfundet i raudt, blått, grønt og gult. Samstundes ragar vindmøllene framleis over reindriftsområdet på Fosen.

Publisert

Det er to år sidan den einstemmige dommen i høgsterett om at vindkraftutbygginga var eit brot på menneskerettane og samane sin rett til kulturutøving. Trondheim er den største byen på sørsamisk område. I 2022 inngjekk kommunen eit samarbeid med Sametinget om å ta vare på den samiske historia og kulturarven. I denne samanheng fekk Trondheim også det samiske namnet Tråanten tjïelte, som er å sjå på somme kommuneskilt. Til bakgrunn for samarbeidet står det at «Et aktivt forhold til den samiske delen av vår arv er viktig både for den samiske befolkningen og for majoritetsbefolkningen». For det er nettopp slik at grunnleggande respekt for minoritetsgrupper og bevaring av kulturarv, ikkje berre er i tråd med menneskerettane, men også bra for oss alle.

Både naturnedbygging og artsdød har fått rekordfart i Noreg, og verken naturområda eller artane kjem tilbake. Kva artar kan me leve utan, og trur me ikkje at nordmenn vil trenge naturen i framtida? Det hadde vore så fint om me kunne gå tilbake til gamla tradisjonar som tar nytte av naturen utan å øydelegge han. Er det folk i Noreg som hugsar korleis me kan drive naturen på ein berekraftig måte?

Satsing på urfolk er eit viktig tiltak for å verne naturen. Rainforest Foundation Norway anslår at arbeid som fokuserer på å anerkjenne urfolksgrupper i regnskogen og gi dei rett på å drifte egne landområde kan verne kring 1,5 million kvadratkilometer regnskog. Dette er ein av dei mest effektive måtane å få verna regnskogen så fort som mogleg. Norske grupper som RFN og Regnskogfondet drar til Amazonas for å redde regnskogen der ved hjelp av internasjonale urfolksrettar. Samstundes bryt me i Noreg akkurat den same lova i miljøkrisas namn ved å setje vindmøller på Fosen. Når slutta Noreg å måtte ta omsyn til internasjonale lover om urfolksrett?

6. februar håper eg folk og studentar i Noreg føler på glede over at me er så heldige å ha den samiske kulturen her i landet, takknemlegheit over den harde jobben både samiske og ikkjesamiske aktivistar gjer for å bevare denne kulturen og sinne over Noregs mangel på respekt for menneskerettar og urfolksrett.

LES OGSÅ: Slik feirast den samiske nasjonaldagen.

Powered by Labrador CMS