Ikkje lenger eit luftslott

Nybygg på Samfundet har lenge vore eit luftslott, men ikkje no lenger.

Publisert

Mange spør meg om eg har trua på at nybygg på Samfundet faktisk kjem til å skje. Til dykk kan eg sei at eg er sikker nok til å ha kjøpt inn ei litt for dyr flaske med champis som skal sprettast den dagen me byrjar å byggja. Slapp av, eg veit betre enn å la god alkohol gå til spille.

Huset vårt stod klart i 1929. På denne tida var det ikkje meir enn rundt 700 studentar i Trondheim, no nærmar me oss 40 000. Under opninga av Huset ville ein hatt plass til alle studentane i byen, i tillegg til at dei alle utan problem kunne tatt med seg to gjester kvar. I dag er det stappfullt lenge før før me får slept inn kvar femtande Trondheimsstudent. Behovet for fleire kvadratmeter blir tydlegare for kvar dag som går.

Leiarar for Samfundet har forkynt om nybygg i over 60 år. Gjentekne gonger har ein invitert til høgtidelege seremoniar der ein har tatt det fyrste spadetaket, og erklært at no skal bygginga starta. Dette kan få ein til å spørja seg om nybygg er eit uoppnåeleg luftslott? Lenge har det vore det, men ikkje no lenger.

Det tydlegaste teiknet på dette er fyllinga i Nidelva som straks er ferdig. Merkeleg nok har tonnevis av stein og nylagt park vorte det fremste biletet på gryande studentengasjement. Før fyllinga hadde det nemleg ikkje vore mogleg å byggja på Fengselstomta, men no er ikkje lenger kvikkleirebunnen ei hindring. Det fyrste steget på veg til nybygget er straks fullført, me er klare for resten.

Heldigvis kjempar ikkje Samfundet kampen om nybygget åleine. Med oss har me Trondheim kommune, Sit, Velferdstinget og NTNU. Me jobbar no gjennom alle kanalar for å sikra resten av finansieringa, slik bygginga endeleg kan starta. Me har med dette blitt dei slitsame lobbyistane som ringer politikarar i hist og pist, fyller mailboksane deira med nydelege teikningar av nybygg og no planlegg å gå på husbesøk der me ikkje får svar.

Me er også på leit etter andre finansieringsløysingar. Om du til dømes har ei rik tante med litt for mykje pengar å avsjå, eller ein onkel med fond på Cayman Islands og hjarte for studentar, kan du slida inn i min DM kva tid som helst på døgnet.

Eg kan forsikra dykk om at me jobbar på spreng for å realisera utbygginga. Me riv ned bit for bit av luftslottet, for no treng me plass til vårt faktiske nybygg.

Powered by Labrador CMS