Samfundetleiar:

Fortsatt åleine på 10 kvadrat

Hovudansvaret for den psykiske helsa til studentar og trivsel i studiebyen kan ikkje leggast utelukkende på frivillige studentar.

Publisert

Nok ei nedstenging. Nok ein periode åleine på hybelen. Nok ein runde der tiltaka treff studentane ekstra hardt. Eg meiner det er rett å innføra strengare tiltak slik smittesituasjonen står no, men eg er likevel djupt bekymra for konsekvensane dette får.

Einsamd blant studentar er eit vedvarande problem, men no er statistikken meir brutal enn nokon gong tidlegare. Undersøkingar gjennomført av Sit syner at heile 63 prosent av studentane kjenner seg einsame under pandemien.

Pandemien er hard for alle, men mange studentar er spesielt hardt råka. Nye studentar møtte ei avgrensa fadderveke, og gjekk vidare til ein haust med nesten utelukkande digital undervisning. Mange fann seg då i ein situasjon der dei bur i ein ny by, langt heimanfrå på en liten hybel utan å kjenna ein einaste person. Samstundes er ein forventa å tilpassa seg, prestera og få gode karakterar under digitale eksamenar.

Studentar vart bedd om å utsetja reisa tilbake til studiebyen, men dette løyser ikkje problemet. Mange rakk ikkje endra billetten når beskjeden kom så seint, og mange hadde allereie reist tilbake til byen. Einsemd blant studentar er framleis like akutt. Me treng gode tiltak mot einsemd, og me treng dei no.

Studentfrivilligheita gjer det me kan for å skapa møteplassar på trass av pandemi. Likevel er me smertefullt klar over at me slit med å nå ut til dei som treng det mest. Terskelen er for mange for høg for å koma på debatt eller gå på konsert når ein ikkje har nokon å gå saman med. Me treng betre rammer for å nå ut til desse.

Me er klare for å bretta opp armene og fortsetja med å gjera det me kan for å skapa ein god møteplass så snart restriksjonane tillet det. Hovudansvaret for den psykiske helsa til studentar og trivsel i studiebyen kan likevel ikkje leggjast på frivillige studentar. Me treng regjeringa med på laget.

Mitt håp er at også regjeringa tar innover seg alvoret i situasjonen og byrjar å motarbeida einsemd blant studentar. Me treng betre rammer for å fanga opp dei som slit og me treng at fysisk oppmøte på campus vert prioritert. Å motarbeida einsemd blant studentar må i langt større grad verta eit samarbeidsprosjekt mellom studentfrivilligheita, regjeringa, utdanningsinstitusjonane og Sit.

Regjeringa har forsøkt å motverka einsemd ved å utnemna ei ekspertgruppe som kom med forslag til tiltak. Dette er tiltak me i stor grad ikkje har sett noko til. Me kan ikkje venta lenger. Studentane tar dugnaden mot smittespreiinga på stort alvor. Eg håpar at regjeringa snart ser at dugnaden mot einsemd blant studentar er like viktig og at tida er overmoden for hastetiltak.

Powered by Labrador CMS