Satire:

Ein overflatisk guide til stortingsvalet

Å setje seg inn i partipolitikk kan vere ein ugrei affære. Heldigvis har partia laga lekre slagord, som er mykje enklare å ta stilling til.

Publisert Sist oppdatert

Arbeidarpartiet:

Nå er det vanlige folks tur

Dei vanlege har venta lenge mens Støre har passa på at oljelobbyen har det greitt, men snart kan nok sjukepleiarane endeleg innkassere andre runde med balkongapplaus.

Framstegspartiet:

Stopp Rødt, SV og MDG - stem Frp

No som Frp berre er eit reaksjonært protestparti, er dei klare på kva som er kjerneverksemda – å kødde med venstresida. Herleg ærleg frå høgre fløy!

Høgre:

Vi tror på Norge

Etter åtte lange år i regjering, har ikkje Høgre lenger så mykje meir dei har lyst å gjere, men dei har trua. Trua på at ingen meiningsmålingar frå det siste året stemmer.

Kristeleg folkeparti:

Vi vil styrke, ikke styre familiene!

KrF vil flekse med familieverdiar, men snublar dessverre i kommabruken. Kva er det dei vil styrke? Bedehusa? Taliban? Umogleg å vite, men flott at dei lar familiane vere i fred.

Miljøpartiet dei grøne:

Ingen er perfekte, men alle kan gjøre litt. Sammen kan vi endre norsk politikk for alltid.

Litt uklart kva MDG meiner med å gjere «litt». Er det å stenge ned den mest profitable næringa i landet, eller å kjeldesortere ein ekstra dag i veka?

Raudt:

For Rødt er kampen mot Forskjells- Norge den aller viktigste

Men andre ting er også viktig, altså. Kampen mot pampeveldet, for eksempel.

Vil du har en litt grundigere oversikt over hva partiene mener? Vi har snakket med unge stortingskandidater om hva deres partier vil gjøre for studentene.

Powered by Labrador CMS