«BARISBREIVIK»BACHELOR: Det blei lagt fram bacheloroppgåver med mangfaldig tematikk, her presenterer Marte Scherve oppgåva si om Barisbreivik.

Sosiologifestival med akademisk halvtime – og litt øl

Det akademiske kvarteret var vel passert då festivalgeneral Aksel Tjora ynskja velkomen til den ellevte utgåva av Sosiologifestivalen i Trondheim.

Publisert Sist oppdatert

– Vi er ikkje heilt i rute, men eg vil informere om at ølserveringa opnar nøyaktig klokka 16. Serveringa blir i alle fall ikkje forseinka, forklarar han

Ein blir ikkje arbeidsledig, altså

Første post på programmet var “Sosiologer i arbeid”, der seks ferdigutdanna sosiologar fortalde kva dei jobbar med, og kva for rolle fagbakgrunnen speler i arbeidet.

11-ÅRING: Festivalgeneral Aksel Tjora er glad for å få feire sosiologien med fagmiljøet sitt for ellevte gong på rad.

Sjølv om dei jobber i alt frå AtB til Ørsta Ungdomsskule er panelet stort sett samd i at sosiologien har utstyrt dei med eigenskaper som er viktig i jobbkvardagen.

– Du lærar deg å stille spørsmål ved ting andre tar for gitt, og å bevege deg frå eit mikro til eit makroperspektiv, seier NRK-journalist Sunniva Skurtveit frå panelet.

Dei trøysta altså publikum med at all lesinga kjem blir verd det, men innrømte samstundet at ein ikkje får bruk for Focault eller Goffmann sine teoriar på jobb i sitatform.

– Det ligg i ryggraden, ein teng ikkje sitere dei. Teorien gjer at eg tenkjer på sosial uikheit når eg skal arbeide det klimatiltak i kommunen, seier Ida Marie Henriksen, tilsett i Trondheim Kommune. 

Akademikarlivet avbrote av Dahls

Vidare i det litt forseinka programmet fortalde doktorgradsstipendiatane Aurora Sørsveen og Sindre Hoff som fortalde om PhD-livet og kva dei forskar på. 

Midt i neste programposten som hadde namnet “Ferskvare” blei dei nybakte mastergrad-foreldra Marianne Tvedt, Vegard Karevold og Cathrine Antonsen avbrote av at Aksel Tjora skrudde mikrofonen sin på og opna festivalens første øl. 

Som annonsert skulle øldrikkinga starte klokka 16:00, så publikum kunne ikkje gjere anna enn å le. Praten om masteroppgåvane om deltidsbrannvesen, korona og arbeidsleidigheit flaut roleg vidare.

Christina Isaakidou går førsteåret på sosiologi og var med å rigge opp festivalen, og fortel at festivalen begynte forsiktig. Ho tykte det var litt mykje prating på programmet, men at ting tok seg opp etter kvart.

– Etter Tjora knakk den pilsen klokka 16:00 skjedde det noko med stemninga, no kjennest det meir som ein vanleg festival.

Som førsteklassing tek Isaakidou emnet SOS1000, Innføring i sosiologi, undervist av festivalgeneral Tjora, og ho fortel at festivalen på ein måte er del av emnet.

Forsking og fest

STIGANDE STEMNING: Førsteårsstudent Christina Isaakidou tykte at steminga på festivalen berre blei betre utover kvelden. Til venstre står bachelorstudent Hannah Østgulen Hopland.

Gjennom heile festivalen gjekk folk rundt i lokalet med penn, papir og opptakar. 

– Førsteårsstudentane har ein oppgåve knytt til festivalen. Dei har enten intervju eller observasjonsstudiar som metode, og dei skal forske på festivalen. I forkant lærer dei om festival som sosiologisk fenomen i forelesing, forklarar Tjora.

Arrangementet har ein fagleg tyngde, men det betyr ikkje at stemninga var alvoreg.

– Det er mest av alt ei feiring av sosiologien, seier han.

Eit viktig poeng med arrangementet er at dei sosiologane på alle nivå treff kvarandre på tvers av vanlege grupperingar og utdanningsnivå.

– Vi vil skape eit samansveisa miljø. Festivalsettinga og det at folk kanskje har drukke ein øl gjer at ein møter kvarandre med meir senka skuldre enn elles, forklarar Tjora.

Tid for svenneprøve

Seinare er det duka for Pecha Kucha. Åtte sosiologstudentar som gjorde ferdig bachelorgraden sin i vår viser fram oppgåvene sine i eit utradisjonelt (men tradisjonelt i Sosiologifestivalen-forstand) format. 

– Det som er kjekt med presentasjonar på denne måten, er at studentane berre skal få fokusere på innhaldet, formatet er allereie bestemt, forklarar Tjora.

«GAMESHOW»-AKTIG: Studentane fekk berre 20 sekunder på å prate på kvart lysbilde i presentasjonane sine.

Studentane kan snakke i 20 sekundar på kvar slide, og det er 40 sekund mellom kvar av studentane sin presentasjon.

– Desse framlegga er høgdepunktet av festivalen, seier han.

Etter dei åtte presentasjonane skal publikum røyste på oppgåva dei likte best, og Tjora annonserer at han uavhengig av vinnaren er blåst av banen av nivået.

– Kva faen skal vi med mastergrad når vi har så gode bacheloroppgåver, spør han etter applausen har lagt seg.

Tema på oppgåvene hadde stor variasjon: gaming, klimafornekting, låge fødselstal, Tiktok, ny og undervurdert etterretningslov, sosial interaksjon på City Syd og Barisbreivik. Til slutt var det Josefia Danielsen med oppgåve om låge fødelstal og velferdsstat som gjekk av med sigeren.

Kvelden blei runda av med Torsdagsrådet(på ein onsdag) som gav sosiologiske svar på ikkje-sosiologiske spørsmål, kviss, DJ Ludvig og skal vi tru beholdninga i Sosiologisk Poliklinikk sin PubliserBar, meir øl.

Powered by Labrador CMS