NTNUI Kite arrangerer NM i snøkiting

7.-10. mars arrangerast NM i snøkiting på Storwartz i Røros. Noreg sitt Kiteforbund har latt NTNUI Kite stå for arrangeringa av meisterskapet.

Publisert Sist oppdatert

Fjorårets NM i snøkite var også arrangert av NTNUI Kite og gjekk over all forventing. Dette gjorde at NTNUI Kite fekk tilliten til å arrangere meisterskapet ein gong til.

– I fjor fekk vi fleire kommentarar på at det var det beste NM gjennom tidene. Dette fekk vi til på grunn av mykje bra planlegging, bra leiar og mange frivillige medlemmar som gjorde ein ekstraordinær innsats, seier Tørres Lande, nestleiar i NTNUI Kite ved fjorårets arrangement.

Fjorårets NM i snøkite var også arrangert av NTNUI Kite og gjekk over all forventing.

Erfaringar frå fjorårets meisterskap

Sosialansvarleg frå NTNUI Kite, Ole Eftang Rø, trur at erfaringane frå NM 2018 kjem godt med når dei skal arrangere NM 2019.

– I fjor følte vi at vi på ein måte var litt pionerar. Vi visste ikkje heilt kva vi gjekk til, men det har vi dratt nytte av i år.

Arrangørane består av sju NTNUIerar, med hjelp frå fire til, som har planlagt meisterskapet sidan starten av semesteret.

– Planlegginga har gått veldig bra i år. Styremedlemmane er gira, og vi byrjar å bli ein samansveisa og god gjeng, seier Eftang Rø.

Høge forventingar

Etter fjorårets suksess er det ikkje å legge skjul på at forventingane er store for NM 2019.

– Vi håper på eit knall arrangement med mange gira og engasjerte kitere, seier Eftang Rø.

Sjølv om tidlegare meisterskap og planlegginga har gått svært bra er det fortsatt ein ting som kan sette hinder på arrangementet.

– Det er jo slik at dette er ein sport som belagar seg på vinden, og vi kan jo aldri føresjå korleis vêrforholda blir, men forventingane er likevel store, seier Eftang Rø.

Tidlegare Noregsmesterar som favorittar

Det er 85 deltakarar som skal kjempe om tittelen som Noreg sin beste snøkiter. Av desse er det 14 noverande og tidlegare NTNUI-medlemmar som er med.

– Vi håper jo sjølvsagt at våras medlemmar skal gjere det bra, og det trur eg at dei kjem til å gjere, seier Eftang Rø.

I tillegg til NTNUI-medlemmar er det fleire tidlegare Noregsmesterar, samt utøvarar som har gjort det bra på Redbull Ragnarok, eit krevjande uthaldenheitsløp, som deltek.

– Eg trur desse kjem til å hevde seg i toppen, seier Eftang Rø.

Powered by Labrador CMS