![GANSKE STRAMT: Kerthan Ilangeswaran mener det kan vere ganske stramt å halde seg innanfor grensa til studiestøtta.](https://image.underdusken.no/316811.webp?imageId=316811&x=0.00&y=7.00&cropw=100.00&croph=80.99&width=960&height=520&format=jpg)
Studiestøtta kan auke med 5200 kroner
Studiestøtta aukar med 3,8 prosent i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024. Dette er tilsvarande omtrent 5200 kronar i året. Dette er betydeleg mindre en fjorårets auking på 9022 kronar.
Studiestøtta aukar med 3,8 prosent i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024. Dette er tilsvarande omtrent 5200 kronar i året. Dette er betydeleg mindre enn fjorårets auke på 9022 kronar.
![SET PRIS PÅ STUDIESTØTTA: Oda Marie W. Kolbu tykkjer det er veldig fint at studiestøtta finnast.](https://image.underdusken.no/316810.webp?imageId=316810&x=6.79&y=19.26&cropw=86.15&croph=67.79&width=960&height=1008&format=jpg)
Fint med ein auke, må framleis ha jobb.
Oda Marie W. Kolbu synast det er fint med ein auke i studiestøtta. Den dekker framleis ikkje heile studietilværet aleine.
– For min del må det komme litt pengar utanfrå for å dekke budsjettet, seier ho
Uavhengig av dette synast Kolbu det er vanskeleg å vere kritisk til akkurat kor mykje studiestøtta ligg på.
– Eg synast det er vanskeleg å kritisere det, for det er eigentleg veldig fint at vi får studiestøtte, seier ho.
LES OGSÅ: NTNUs litteraturpris 2023: dette er de nominerte
– Det er ganske stramt
Kerthan Ilangeswaran meiner det kan vere vanskeleg å halde eit budsjett innanfor grensa av studiestøtta. Han er difor positiv til auken.
– Eg syns det er fint. Studiestøtta ligg vel på rundt 9400 kronar, og det skal mykje til for å halde seg innafor det utan jobb eller støtte heimanfrå. Det er ganske stramt.
Ilangeswaran får sjølv støtte heimanfrå. Han tenkjer at studiestøtta gjerne kunne vorte auka meir.
– Mellom ti og elleve tusen i månaden hadde vore ganske greitt, meinar han.
Det verkar som studiestøtta enda ikkje dekkjer studietilværet åleine. Studentane må framleis ha jobb om dei ikkje får stytte heimanfrå.