Leiar

Me treng tiltak for ein tryggare leigemarknad

Studentar skal ikkje burde trenge å ta utdanningsvala sine utifrå sjansane for å få ein plass å bu.

Publisert

«Velkomen til Noregs beste studentby!» seier eg med ein bismak av privilegium. Realiteten for nye studentar er ikkje berre fadderveke, pensumjakt og sommarfuglar. Me har alle vore der: Først vente spent på opptaksresultatet, så ein kort jubel, før ein innser at vindauget for å finne ein plass å bu snart stenger. Og gudane veit det allereie er trongt.

Det manglar ikkje historier i media om studentar som står ved opptakta til semesterstart og risikerer å bli heimlause. I juli mangla over 12 000 studentar ein plass å bu til hausten. På nokre studentbustadar har kriseløysingar som sengeplassar på fellesområda blitt tatt i bruk. Er dette bustandarden me vil sette for unge vaksne i utdanning?

Årets studentbustadsundersøking viser at det berre er plassar til 14,9 prosent av norske studentar. Norsk studentorganisasjon (NSO) har sett som mål at ein av fem studentar skal leige bustad gjennom ein studentsamskipnad. Denne målsettinga er me 14 000 studentbustadar unna å nå.

Styreleiar i Samskipnadrådet Rita Hirsum Lystad seier at dei er avhengige av betre rammevilkår for å bygge fleire bustadar og etterlyser auka tilskot. Studentbustadar er viktige, både som eit supplement til privat husleige, men òg som eit middel for å kjøle ned den private leigemarknaden. Derfor gagnar tilskot til utbygging av studentbustadar alle studentar som leiger.

Den store majoriteten må navigere den private leigemarknaden på eiga hand. Det er eit oppdrag som berre blir vanskelegare år for år. Den rekordhøge renta har gjort det mindre lønsamt å drive med utleige og både dei store og små eigedomsaktørane ser seg nøydde til å selje. Leigemarknaden blir trongare og dyrare. Dette rammar dei økonomisk svakaste hardast, kor studentgruppa er sterkt representert.

Tilskot til studentbustadar er eit utdanningspolitisk tiltak som funkar. I ein privat leigemarknad som har gått heilt ut av kontroll kan dette supplementet vera forskjellen på studieplass eller ikkje.

Målsettinga til NSO er ikkje for ambisiøs. Likevel har dekningsgraden vore omtrent stilleståande dei siste åra. Skal me klare å nå målet om ein dekningsgrad på 20 prosent, må tilskotet aukast. Det er ikkje lengda på ventelista til bustad som skal avgjere om ein takkar ja til studieplass.

LES OGSÅ: Tryggere leieforhold for studenter

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS