VERDIFULLE POENG: Tommy Tran, Marichen Kittilsen og Andreas Stapnes studerer fysikk og matematikk og har alle fått realfagspoeng frå vidaregåande.

Kutt i tilleggspoeng til høgare utdanning

5. april la regjeringa fram to stortingsmeldingar som forandrar opptakssystemet til høgare utdanning betydeleg. Studentar reagerer ulikt på endringane.

Utdanningspolitisk talsperson Elise Waagen i Arbeidarpartiet forklarar nokre av hovudpunkta frå meldingane: 

TAR GREP: Utdanningspolitisk talsperson Elise Waagen i Arbeidarpartiet meiner det er på tide å ta tak i opptakssystemet.

– I dag har vi opptaksreglar som gjer at mange unge brukar for lang tid på å komme i gang med studia. Dette ryddar vi opp i, og det blir meir fornuftige opptaksreglar. Det vil unge over heile Noreg tene på.

Hastverk

Waagen fortel at ho er stolt over at Støre-regjeringa tar tak i problema i opptakssystemet i høgare utdanning. Særleg har bruken av alderspoeng og tilleggspoeng i opptakssystemet vore problematisk.

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel forklarte i pressekonferansen at ein i dag kan makse ut 14 tilleggspoeng på ordinær kvote. Det vil seie at ein person som går ut av vidaregåande med 4,0 i snitt, etter å ha henta alle moglege opptakspoeng, kan søke seg inn på studium med 5,4 i snitt.

– Det har gått inflasjon i tilleggspoeng, og alderspoeng er eit hinder for at unge kan komme i gang med studia. Korkje samfunnet eller dei unge er tent med eit system som held unge i ei ventesone før dei kan komme inn på draumestudiet, seier Waagen.

SAMLE POENG: Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel meiner at alderspoeng har sinka utdanningsstarten unødvendig.

Olav Vindal og Emil Berg Veisten studerer lektor i samfunnsfag og påpeikar at karakterane frå vidaregåande blir viktigare etter endringane. 

ARBEIDSFORHOLD ER VIKTIG: Lektorstudentane Olav Vindnes og Emil Berg Veisten meiner at arbeidsforholda i sjukepleie- og læraryrket er viktig å ta tak i i tillegg til opptakskrava

Vindal tykkjer det er synd at ein hevar terskelen for å vente eit par år med å studere.

– Det å for eksempel avtene førstegongsteneste er verdifullt for samfunnet. At ein då reduserer ekstrapoenga for dette samtidig som vi skal auke talet på vernepliktige, sender motstridande signal, seier han. 

Han undrar seg òg over at tilleggspoenga frå folkehøgskule er fjerna.

– Då seier jo regjeringa at folkehøgskule er å sose rundt i eit år. Eg har ikkje vore på folkehøgskule sjølv, men eg trur ein blir danna som menneske på ein heilt anna måte. Det gir deg kompetanse, seier Vindal.

Veisten seier at han forstår intensjonen bak endringa i opptakssystemet.

– Eg forstår at regjeringa vil få folk ut i arbeid med éin gong, men det kan jo gjere at folk vel eit studium dei ikkje er nøgd med, seier han. 

KRITISK: Janeh Mohammed byrja å studere rett etter vidaregåande, men er kritisk til at regjeringa vil presse andre til å gjere det same.

Janeh Mohammed studerer europastudium med statsvitskap og tok eit årsstudium i engelsk rett etter vidaregåande.

Ho er samd i at presset for å studere noko med éin gong kan vere vanskeleg for mange, og at ein pause etter vidaregåande kan gi personleg utvikling for mange.

– For meg var det heilt riktig å studere rett etter vidaregåande, men eg tykkjer ikkje at det bør vere slik at alle må gjere det, seier ho.

 LES OGSÅ:  Du kan bidra til å løfte opp fredsforkjempere

Ingen karakterkrav

Andre endringar som kjem av stortingsmeldingane, er at særskilde karakterkrav som har vore i sjukepleiarutdanninga blir fjerna, og at ein opnar for unntak i karakterkrava for lærarutdanninga.

I dag er det krav om karakteren tre i norsk og matematikk for å komme inn på sjukepleiarutdanninga, og endringa vil gjere at karakterar blir nytta til rangering, ikkje kvalifisering. Når det gjeld lærarstudiet, skal det vere opp til utdanningsinstitusjonane å bestemme om det skal vere særskilde karakterkrav eller ikkje.

– Vi treng særleg fleire sjukepleiarar og lærarar. Difor avviklar vi høgresida sine kunstige karakterkrav i norsk og matte for sjukepleiarutdanninga, forklarar Waagen.

Endringar som følge av Stortingsmeldingane:

Realfagspoeng blir justert frå maks fire til maks to.

 Fjerning av tilleggspoeng for framandspråk. 

Fjerning av tilleggspoeng for folkehøgskuleår. 

Tilleggspoeng frå førstegongsteneste blir justert frå to til eit.

Kjønnspoeng blir endra til kjønnskvoter. 

Utdanningsinstitusjonane kan søke om å få kvoter for å balansere skeivheiter. 

Dei særskildekarakterkrava på sjukepleiarutdanninga blir fjerna.

Dei særskilde karaktekrava på lærarutdanninga består, men utdanningsinstitusjonane kan søke om unntak frå dei

Hoel legg til at det er særleg mange som tar opp fag etter vidaregåande for å byrje på nettopp sjukepleia. 

– Dette forskyv studiestart, og kravet må difor fjernast, seier han.

Lektorstudent Veisten meiner at det er fornuftig å fjerne dei særskilde krava på sjukepleiarstudiet, men at arbeidsforhold òg spelar inn på rekruttering.

– Det er jo bra at karakteren i norsk ikkje er eit hinder for å bli sjukepleiar når det er sjukepleiarkrise, men eg trur at forholda i arbeidslivet uansett er eit stort hinder for mange.

Vindal er samd og seier at det same gjeld på lærarstudiet.

– Det er fleire som vil studere og faktisk jobbe som lærarar viss arbeidsforholda er betre. Eg forstår ikkje heilt poenget med karakterkrava. Viss du ikkje skal bli mattelærar, kvifor skal du kunne så mykje matte, spør han. 

Han meiner at det må større endringar til i lærarutdanninga, fordi den ikkje er førebuande nok til arbeidslivet.

– Forstår ikkje skulekvardagen

Waagen fortel at endringa i opptak til lærarutdanniga inneber at utdanningsinstitusjonene får moglegheit for dispensasjon frå opptakskrava i spesielle tilfelle.

Dette er for å forhindre at karakterkrava ikkje stoppar motiverte kandidatar frå å søke, samstundes som ein sikrar god kvalitet i utdanninga.

– Når høgresida vil krevje karakteren fire i matte for å bli norsklærar, viser det at dei ikkje forstår skulekvardagen i Noreg. Med dette grepet sikrar vi norske elevar fleire lærarar med lærarutdanning, seier Waagen.

Hoel fortel at dei lyttar til dei som utdannar sjukepleiarar i Noreg.

– Fleire universitet og høgskular melder om at dei må avvise mange gode og motiverte søkarar på grunn av desse krava. Når det samstundes er stor mangel på sjukepleiarar, må vi ta grep.

Hoel understrekar at karakterkrava som har vore, ikkje naudsynt har auka kvaliteten på sjukepleiarstudiet.

– Det viktigaste er ikkje kva ein kan før ein byrjar å studere, men kva ein lærer innan ein er ferdig på studiet. Institusjonane har ansvar for kvaliteten, og vi har tillit til at dei passar på at han er god.

 LES OGSÅ:  Fem tips til deg som skriver bachelor eller master i år

Viktig med realfagspoeng

Johan Storesund byrja på studiet i cybersikkerhet og datakommunikasjon rett etter vidaregåande og tykkjer det er riktig av regjeringa å redusere kor mange tilleggspoeng ein kan få.

– Det er fint at det framleis finst realfagspoeng, sjølv om dei er reduserte. Det er kanskje i overkant at ein har fått tilleggspoeng for å gå på folkehøgskule. 

SPENT PÅ RESULTAT: Johan Storesund studerer cybersikkerhet og datakommunikasjon og er spent på kva endringane vil gjere med den framtidige studentmassen.

Han fortel at han er spent på resultatet som kjem av endringa frå kjønnspoeng til kjønnskvote.

– Eg har fått eit inntrykk av at kjønnspoenga har gjort at enkelte studium har blitt meir populære enn andre, berre fordi dei har kjønnspoeng, og at folk kanskje endar opp på eit studium dei eigentleg ikkje likar. 

Tommy Tran, Marichen Kittilsen og Andreas Stapnes studerer fysikk og matematikk, og har alle realfagspoeng frå vidaregåande. Stapnes tykkjer det er synd at det blir kutta i desse tilleggspoenga.

– No er vel vi litt farga av kva vi studerer, men det er bra at ein har hatt eit insentiv for å velje dei vanskelege faga på vidaregåande, seier han. 

Tran er kritisk til at regjeringa vil haste med å få unge ut i arbeidslivet så fort som mogleg etter vidaregåande. Han fortel at han sjølv ikkje visste kva han ville etter vidaregåande, og at dette er vanleg.

Stapnes meiner at kutt i alderspoenga er fornuftig.

– Ein høyrer jo om mange som ventar ganske lenge med å studere, og at ein til dømes berre kan byrja på medisinstudiet etter å ha samla alderspoeng.

Kittilsen trur at regjeringa sine endringar ikkje kjem til å endre studentmassen på deira studie så mykje.

– Vi har ikkje kjønnspoeng lenger, og mange som går her, er ganske unge og kjem rett frå vidaregåande. Fysmatstudentane spekulerer i om kutt i realfagspoenga generelt kan gjere rekrutteringa til teknologi- og realfagsutdanningane mindre.

– Men kven veit, spør Stapnes.

LES OGSÅ:  Skal ha droppet partilederdebatt for å henge med Danby Choi

Powered by Labrador CMS