LYS FRAMTID: Dirigent Gavin David Lee stilte opp i Jedi-kostyme, sjølv om ein kan argumentere for at han var likare darth Sidious.

Jedier, allsang og vill jubel: No er UKA i gang

Promenadekonserten onsdag 6. oktober markerte starten for UKA 2021. – Vi har ikkje sett ein frigjeringsfest som dette sidan 1945, sa UKE-sjef Max Meinich i sin tale under opningskonserten.

Publisert Sist oppdatert

Under promenadekonserten i Dødens Dal var både spenninga og gjensynsgleden til å ta og føle på. Både gleden over å sjå igjen gamle vennar, en også ei folkemengde større enn dei fleste har sett på godt over eit og eit halvt år. Med godt over 3000 gjestar i partyteltet fekk ein verkeleg ein smakebit av korleis det var med denne festivalkjensla.

LES OGSÅ: Dette er UKEnavnet.

Sjølve konserten vart opna av Studentersamfundets symfoniorkester som spelte “The Mandalorian” frå serien med same namn. Deretter gjekk kveldens konferansierar, Thea Mohagen Lekang og Brynjar Bakken Aarskog opp på scena for å ønske alle velkommen.

– Dette er kvelden før kveldane. Festen før festen. Uløysinga før utløysinga.

På ansikta til tilskodarane kunne ein sjå at Bakken Aarskog traff godt i skildringa si. Fleire lyste opp medan dei såg opp mot scena, ikkje veldig ulikt små barn før julaftan.

I om lag 90 minutt opptredde Studentersamfundets symfoniorkester, Trondhjems kvinnelige studentersangforening og Trondhjems studentersangforening med sanger av ulik nerdegrad. Med poplåter som “High hopes” av Panic! at the disco, og eit Britney Spears-potpurri på den eine sida, og musikk frå film og videospel, som til dømes “Duel of the fates” frå Star Wars-filmen The Phantom Menace, og “Sogno di Volare” frå dataspelet Civilization VI på den andre sida, kan ein trygt seie at det var noko for alle.

Likevel var det ikkje alle som fekk med seg alt konserten hadde å by på, av fleire årsakar. På bakerste rad var det nemleg ikkje mykje å høyre, korkje frå orkesteret eller kora. Ein kombinasjon av dårleg balansert lyd, og fleire publikummarar som ikkje hadde kontroll på konsertkulturen sine normar og reglar, gjorde det utfordrande å få med seg konserten i det heile teke på bakre del av Dødens Dal.

Uavhengig av om ein høyrde kora eller ikkje, vart salen fylt av rustne stemmer då “Nu Klinger” stod på agendaen. Dette, saman med det tradisjonsrike nummeret der UKE-sjefen opnar ei champagneflaske med ein sabel (riktignok på andre forsøk), sørga for eit stemningsfullt punktum på forestillinga.

Promenadekonserten var ein stemningsfylt smakebit på det Trondheim har i vente, og som både Meinich og konfransierene var tydelege på, har vi ein månad med UKA plan A å sjå fram til.

Powered by Labrador CMS