Leiar

På tide å støtte studentjournalistikken

Nok ein gong blir studentane oversett i støtteordningar.

Publisert

Fleire redaktørar i frittståande mediehus har den siste tida tatt til orde for å endre pressestøtteordninga, deriblant studentavisa i Oslo, Universitas. Sjefsredaktør i kulturavisa Subjekt, Danby Choi, meiner at dagens ordning fører til ein maktkonsentrasjon i mediebransjen.

Dei tre største mediekonserna kontrollerer nemleg 71 prosent av det norske avisopplaget. Dette betyr at mykje av journalistikken blir sjåande lik ut, og at dei sjølvstendige avisene står i fare for å bli pressa ut.

Under Dusken er blant dei avisene som fell utanfor ordninga. Denne ordninga stiller nemleg krav om betalande abonnentar. Tilskotet skal bidra til ytringsfridom, redaksjonelt mangfald og journalistisk kvalitet. Kor mangfaldig blir Medie-Noreg når gratisavisene blir fullstendig oversett?

Studentkvardagen kan vere uføreseieleg, sparsam og vanskeleg å orientere. Derfor er det viktig at dei som ofte blir oversett i samfunnet elles, får eit  talerøyr gjennom pressa. I ein by kor 20 prosent av innbyggjarane er studentar, er det heilt nødvendig at den lokale journalistikken treff denne gruppa.

Det oppdraget tar Under Dusken og tilsvarande studentaviser i Noreg på alvor. Felles for dei største studentavisene er at alt me produserer, skal vere gratis. Me tar oss ikkje råd til å miste dei lesarane som må budsjettere mat og husleige over avisabonnement.

Økonomien har alltid vore trong i ei avis som har mått lite på frivillig innsats. Særleg dei siste åra har Under Dusken fått kjenne at midla er knappe. Me har mått kutte i opplag og distribusjonsplassar for å få drifta til å gå rundt. Det er trist å vite at avisa blir mindre tilgjengeleg når me samtidig veit kva rolle ho kan spele i studentverda.

Under Dusken har utdanna dyktige journalistar utan draghjelp frå staten sidan 1914. Mange av journalistane våre får seg betalte skrivejobbar etter å ha hatt verv i avisa, og dei som har søkt sommarjobb i avis, veit at erfaring vert høgt verdsett. Det finst ikkje mange norske aviser som ikkje kan takke ei studentavis for sine beste journalistar. Det er på tide å gi tilbake til dei som fyrer av startskotet til mangfaldige journalistkarrierar. Og det er på tide å ta studentane og avisene våre på alvor.

LES OGSÅ KI er i vinden, også på NTNU

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS