Kommentar:

Meiningslaust studentval

Sjå for deg at du skal stemme ved eit viktig val. Parti finst ikkje, og alle kandidatane meiner det same. Kven stemmer du på?

Publisert

Det er snart val til Studenttinget NTNU. Eg spår nok eit val med låg oppslutning og tamme meiningar. Eg vil helst ta feil, men fakta er at sidan fusjonen har oppslutninga vore over ti prosent berre to gonger. I 2017 hadde dei ein aktiv promoteringsstrategi, og eit mål om å nå 30 prosent. Dei fekk elleve. I 2019 lova leiaren, altså eg, å barbere hovudet for 15 prosent. Vi fekk rett under elleve. Det er pinleg og trist.

Studentdemokratiet er viktig. På sitt beste får dei gjennomslag for viktige saker, og på sitt mest tafatte sit dei i det aller minste i møte du aldri høyrer om, og passar på at leiinga ikkje gløymer studentane. Begge deler er viktige; studentkvardagen hadde vore verre utan.

Vi treng gode representantar til å gjere denne jobben. Desse blir valde blant kandidatar som har skrive ein ganske vag kandidattekst. Slik eg ser det blir det heller ikkje betre av at det er enkeltpersonar med vage meiningar, og ikkje parti med vedteken politikk, som inngår.

Kva meiner kandidatane? Stort sett at psykisk helse, læringsmiljø og studentfrivilligheit er viktig. Skilnadane ligg i relativt ubetydelege nyansar, og for kandidatane er det om å gjere å få flest mogleg av venene sine til å stemme – det skal jo ikkje så mange stemmer til når oppslutninga er låg. Kandidatane er ofte kompisar av dei sitjande representantane, og har gjerne dei same vage meiningane. Så kven stemmer du på? Stemmer du?

LES OGSÅ: – Norgeshistoriens største investering innen forskningsutbygging

På UiB, UiT og UiO har dei listeval, som vil seie at ein stemmer på politiske lister (litt som politiske parti), i staden for enkeltpersonar. Då veit studentane i det minste kva meiningar dei stemmerpå. Listeval har sjølvsagt sine ulemper, og eg er heller ikkje sikker på at det ville gjeve høgare oppslutning, men ein ville i det minste ha visst kva ein stemte på. For meg kjennest det udemokratisk at vi ikkje eigentleg gjer det.

Dersom ein trur at studentpolitikken i dag ikkje er prega av partipolitiske haldningar, tek ein feil. Då kjennest det uærleg at dette ikkje kjem fram i forkant av valet. Og for all del, lister treng ikkje vere partipolitiske. Kanskje treng vi ei hybridløysing, der berre nokre av representantane kjem frå lister. Kanskje treng vi noko heilt anna, men vi treng endring.

For å få til ei endring bør ein, paradoksalt nok, stille til val og engasjere seg i dette kaotiske, konsensusbaserte systemet. Det vil eg oppfordre til å gjere, og så håpar eg på høg oppslutning, og lovar å barbere hovudet om ho blir høgare enn i 2019.

Cecilie Bjørnsdotter Raustein er tidlegare leiar av Studenttinget.

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS