Studenttinget har stemt
Også etter pandemien ønskjer Studenttinget at forelesingar skal vere tilgjengelige som opptak.
Den 30. September hadde Studenttinget møte, der den største saka på sakslista omhandla opptak av forelesing og bruk av digitale verktøy. I praksis: om fysiske forelesingar skal fortsette å vere tilgjengeleg på video.
Fag- og forskningsansvarleg i Studenttinget Sigurd Solheim og saksbehandlar for saka, trekker fram dei ulike fordelane med opptak av undervisning. Blant anna nemner han at det kan gjere det lettare for studentar med syn- og hørslehemningar, slik at dei kan få opp tekst og spole tilbake.
– Vi har jobba for å sjå begge sider av denne saka, og trur dette forslaget vil skape størst fleksibilitet for studentane, forklarte Solheim.
LES OGSÅ: Studenter reagerer på manglende digitalt tilbud
Bjørneteneste
Under studenttingsmøtet var det likevel fleire representantar som påstod at ein ikkje kjenner til konsekvensene av at studentar sjølv kan velge mellom fysisk og digital undervisning. Ein av desse var studenttingsrepresentant Ragnhild Sødal Gjennestad.
– Eg syns det er skummelt å ta avgjørelser som vil ha så store konsekvensar. Ikkje berre for oss, men også for alle forelesarar. Eg trur vi studentar gjer oss ein bjørneteneste når vi seier vi kan sjå forelesningen digitalt seinare, heller enn å møte fysisk. Eg saknar forsking som viser at denne løysinga faktisk fører til meir læring, sa Gjennestad
Forkjemparane meinte likevel dette er både viktig og riktig for NTNU, og understreka at fleksibiliteten løysinga fører med seg er viktig for studentar i ulike livssituasjonar.
Etter avstemming blei det vedteke at Studenttinget ønsker å vidareføre opptak av forelesninger.
Til opplysning; Sigurd Solheim er aktivt medlem i Studentmediene.
LES OGSÅ: Nyanser kan være hovedsaken