BYTA STUDIE: Maja opplevde aldri den styrste meistringskjensla på ingeniørstudiet

Tre generasjonar i førelesing

Nokre studentar bur heime, andre i kollektiv og andre att i parhybel. Maja Åmot bur i rekkjehus i Orkanger med mann og son

Publisert

Når ho ser attende på det å studera med ein liten unge, tykkjer ho at det er sinnssjukt at ho gjennomførte det i det heile.

 – Men der og då tenkte eg berre at dette skal eg klara, slik er det berre. 

Skuledagen var ofte delt, slik at studentane hadde teori halve dagen og praktisk undervisning resten av dagen. I teoritimane med førelesing var det ikkje lett å ha med seg ein unge som laga lydar og kravde sitt. 

– Det fyrste semesteret brukte eg å reservera eit grupperom her i andre etasje, og so kom besteforeldra mine, altso oldeforeldra til guten, og passa han halve dagen.

Dei bur òg på Orkanger, men kom gjerne til Tunga for å stilla opp som barnevakt.

 – Då sat dei på grupperommet eller trilla rundt utanfor her. So kom eg ned og amma i pausane mellom førelesingane.

Det er vanskeleg å fara frå guten heile dagen når han er so liten. Då er han veldig avhengig av mora si. Etter lunsj tok ho over guten med vogn, stellebag og sekk, og tok han med på ferdigheitstrening. 

– Då kunne han liggja på golvet og sjå på, eller oppi hendene på nokon andre. Det verkar som om heile klassen tykte at det var veldig artig og det gjorde det veldig mykje lettare for meg òg.

Ho fortel at både medstudentar og lærarstaben var gode å ha. 

ÆRE VERE OLDEFORELDRE: Besteforeldra til Maja stilte gjerne opp som barnepassarar

– Det hadde ikkje gått an viss ikkje dei hadde hatt den aksepten, so dei skal ha noko av æra for at det gjekk. 

Og ære vere gode besteforeldre. 

– Viss det er mykje ein periode, seier dei at då kjem ungen til dei eit par dagar. Mentaliteten vår har liksom alltid vore at det ordnar seg på eit vis.

Frå ingeniør til terapeut

23-åringen frå Orkanger flytta til Trondheim for å studera kybernetikk og robotikk, som ho gjekk på i to år.

– Eg hadde eigenleg tenkt at eg skulle studera fysioterapi sidan vidaregåande, men so var eg veldig glad i realfag.

Ho tenkte at ho i alle fall var nøydd å prøva sivilingeniørutdanninga, og det gjorde ho.

– Men det var aldri kjempespennande, og då klara eg heller ikkje leggja ned den ekstra innsatsen som krevst på eit slik tungt studium. Eg opplevde vel ikkje den største meistringskjensla.

So vart ho gravid på andre året, før guten kom til i eksamensperioden.

– Det kan henda eg fekk litt større perspektiv på ting. Eg innsåg i alle fall at eg ikkje kunne halda fram med dette meir. Eg var nøydd å finna noko eg verkeleg likte, som ikkje kjendest som ei belastning å driva med.

Då var fysioterapi det mest nærliggjande, sidan det var det ho i utgangspunktet ville driva med heile vegen.

– Eg har ikkje angra eitt sekund. Det passar meg ypparleg.

Då ho spelte handball på vidaregåande, røyk ho korsband, sideband og menisk.

TRENGST EIN LANDSBY: Medstudentar passa gjerne på ungen når Maja var oppteken med ferdigheitstrening.

– Eg vart fullstendig avhengig av fysioterapeut og å få opptrening. Eg tenkte at eg ville arbeida med folk og med kroppen, so eg har tenkt på fysioterapi sidan då.

Då ungen var fem månadar, byrja ho på eit nytt studium. I fadderveka var ho meir eller mindre fråverande.

– Det var eit heftig opplegg. Eg møtte opp fyrste dag i fadderveka og sa at dei ikkje skulle forventa at eg dukka opp so mykje.

Dårleg samvit

Å vera mor og student samtidig byd på ein hektisk kvardag – spesielt når interessene er mange hjå alle i familien.

– Eg strikkar ekstremt mykje og har arbeidd i garnbutikk. Eg har strikka i all mi tid, heilt sidan eg lærte det frå bestemor. Etter det har det berre teke større og større plass.

 Å arbeida i garnbutikk gjev henne ikkje berre løn; det giv ein terapi òg.

– Eg får både jobba med strikking og hjelpt kundane. Noko av det beste eg veit, er når kunden går og kjenner at han har fått skikkeleg god hjelp.

Men det vart lange dagar utan familien. 

– Det er ein jobb eg trivst ufatteleg godt i, men det vart litt mykje å sjonglera, so eg er i permisjon no.

Viss ho hadde førelesing klokka åtte, var ho nøydd å fara heimanfrå litt etter seks. Dei dagane ho arbeidde i tillegg, var ho ikkje heime før ti.

– Det var veldig heftig når det hende fleire dagar på ei veke. Eg fekk dårleg samvit for guten, men det gjorde jo ilt for meg òg, for eg ville jo vera med han.

Handball som terapi

– Handballen har vore ein terapi både for meg og mannen. Eg har alltid drive med handball. Eg tok ein pause då eg fekk guten, men byrja opp att då me flytta attende til Orkanger. Eg tenkte ikkje so mykje over det då, men då eg byrja på att, kjende eg at eg verkeleg hadde sakna det.

Ho spelar på barndomsklubben Orkdal, og det gjev både ein mental pause og eit fellesskap.

– Det var godt å kjenna på lagkjensla og adrenalinet under kampane. Handballen har alltid vore ein stor del av meg – det å springa ut på banen og ropa høgast. 

Ho har hatt sine knekkar opp gjennom, og då har handballen vore til hjelp. 

– Til tider har det vore for mykje aktivitet. Handballen gjev meg ein pause. Når eg er på trening eller kamp, er eg berre der og tenkjer ikkje på noko anna.

 LES OGSÅ:  En idiotsikker guide til studentdemokratiet

Powered by Labrador CMS