Trondheim med i storslått EU-satsing
Trondheim er ein av 26 europeiske byar som skal delta i EU-programmet «Pilot Cities Programme»: – Kan gjere at byen blir klimanøytral innen 2030, fortel Kristian Dahlberg Hauge fra Trondheim kommune.
Det skriv Trondheim kommune i ein pressemelding. Byen har blitt bevilga 6,8 millioner kroner over to år for å finne løysingar til utslipp.
Planen er å starte med eit fullskala CO2-fangstanlegg på forbrenningsanlegget for restavfall på Heimdal, det største punktutsleppet i byen.
– Det åleine vil kutte omtrent 20 prosent. Men me har framleis ein lang veg å gå, og tida er knapp, seier Nærings-, miljø-, og samferdsledirektør Kristian Dahlberg Hauge i Trondheim kommune.
Prosjektet ser på moglegheitene for å gjennomføre eit slikt prosjekt.
– Er krevande
Vidare vil fangstanlegget sjå på høva kring mellom anna ressursutnytting og sirkulær økonomi.
– Me vil også fase ut fossil energi for å redusere utslipp frå trafikk, bygg og anlegg. I tillegg til å setje i verk nye og kraftfulle tiltak, fortel Dahlberg Hauge.
Han forklarar at det grønne skiftet er krevande:
– Eit viktig aspekt med dette prosjektet vil vere å dele kunnskap med andre byar i Europa.
LES OGSÅ: ATB øker tilbudet: - Skal bli lettere å ikke eie bil i Trondheim
Studentbyen
Klima- og kommunikasjonsrådgiver Tove-Lill Karslen i Trondheim kommune tykkjer at studentar kjem til å vere ein viktig del av prosessen:
– Trondheim er ein studentby, det har vore hyrnesteinsvirksemd vår sidan 1200-tallet, om du spør meg.
Prosjektet skal mellom anna kartlegge meiningane og kor klar befolkninga i byen er for tiltaka.
Karslen meiner det er kritisk å få med seg studentane:
– Me treng støtte frå heile byen. Byen formast av og utviklast i stor grad med studentar. Me har behov for studentperspektiv inn i dette prosjektet.
LES OGSÅ: Elon Musk: Geni eller galskap?