Tonar frå ei svunnen tid

Gløym “Nu klinger”, Arne Espelund viser fram studentervisene du kanskje ikkje høyrer like ofte.

Publisert Sist oppdatert

Det luktar nytrekt kaffi på Biblioteket, det klimprar i eit trekkspel og på bordene står det for høvet saft og kjeks. Gamle som unge stavrar seg ned trappa for å sikre seg ein plass.

Fakta

Studenterviser

  • Studenterviser er viser for og ofte skrive av nettopp studentar
  • Mest kjent i Trondheim er nok «Nu klinger», skriven av Frode Rinnan for UKErevyen Cassa Rossa i 1929
  • Om sisteverset i «Nu klinger» skal gå i dur eller moll er heitt diskusjonstema. Det heiter seg derfor at Institutt for fysikk har to ulike professorforeiningar, ein for og ein imot.
  • Gamal tradisjon hevdar også at siste linje i sisteverset opprinneleg gjekk slik: «Også sitter vi i helvete og stemmer i vår replikk»

– Det var ei vakker fordeling av alder, påpeiker dagens allsongleiar, tidligare professor Arne Espelund ved NTNU.

Fakta

Laurdagens repetoar:

  • Byggstudent Havre (Akk-a-mei 1951)
  • Flathundens Sang (Akk-a-mei 1951)
  • Hybelvisa (Akk-a-mei 1951)
  • Alle søte trondhjemspiker (Casa Rossa, 1929)
  • Veteraner (Vau-de-ville, 1955)
  • Gutane frå Voss (Akk-a-mei 1951)
  • Trygt og godt i Hjemve (BIG BANG, 1925)
  • Pelle Tordenbrags vise (litt utenfor det vanlige studentrepetoraet)

Og han har rett i det. Her er det unge studentar frå noverande NTNU og litt eldre studentar som framleis tviheld på at det heiter NTH. Småpraten går lett, og folk er nysgjerrige på kvifor akkurat sidemannen har tatt turen. Det er litt trangt, men det er igrunn heilt greit. Det er ei intim stemning i det vetle biblioteket.

– Ein god møtelyd skal vera litt klaustrofobisk, ler Espelund.

– Tradisjonen held på å døy ut

– Eg skal fortelle ein hemmelighet. Det er alltid like spanande å ta på seg denne dressen, for den fekk eg nemleg til konfirmasjonen i 1946, seier Espelund.

HØYR: Arne Espelund fortel om UKA på 50-tallet og den gongen dei tente på krutt og laga karsk på primus på Rallarfest i Storsalen.

Det er nokre år sidan Espelund stod konfirmant, og han har sidan den tid rukke å bli pensjonert professor i prosessmetallurgi ved NTNU. Engasjementet har han likevel ikkje mista på vegen. Det er nemleg G-helg, gamlekaras helg, og Espelund er tilbake på Samfundet for å holde festtalen før UKErevyen i Storsalen. Men først skal han gjera noko han syns me gjer alt for lite av, nemleg synge gamle studenterviser.

– Eg skulle ynskje me hadde ein stad kvar det var sang. Det finst meir rikdom i songen enn me er klar over. Den munnlege tradisjonen held på å dø ut, fortel han.

Gløymde og løynde vers

I sitt arbeid med visetradisjonen har han funne mange nye, bortgøymde vers.

– Alt som handla om sex og rødfarga politikk vart fjerna. De passa seg vel ikkje for borgerskapet.

LES: Arne Espelund, Samfundet-formann i 1953, minnes dagene med ku i Storsalen og trikk i Bodegaen.

Første vise for dagen, «Byggstudent Havre», songen på melodien til «Jeg er havren». Den er henta frå ein av UKErevyane Espeland hugsar aller best, Akk-a-mei i 1951.

– Då var eg billettseljar, skyt han inn, medan trekkspelet drar igong.

Jeg har artium, jeg har briller på.
Jeg studerer nu på NTH.
Jeg har gitt meg vitenskap i vold.
Gud velsigne deg min stakkars knoll. 
– Forfatterkollegiet, *Akk-a-mei*, 1951

Espelund fortel at revyvisene i gamle dagar var anonyme, og at Forfattarkollegiet står som einaste forfattar.

– Men ein kan gjette seg litt fram til kven som har skrive kva om du kjenner dei som var med, fortel han.

Gutane frå Voss

UKErevyen har gitt oss langt fleire studentviser enn berre «Nu klinger». Nesten samtlege av dagsens viser kjem frå revyar mellom 1925 og 1955 og er i varierande grad kjente for dei oppmøtte.

Eit rungande nei fylte til dømes rommet då Espelund spurte om nokon kunne «Flathundens sang», også den frå Akk-a-mei i 1951. Songen blei beskrive som eit nostalgisk sukk frå ingeniørane i ei tid då arbeidarklassen fossa fram. «Hybelvisa» (Frå Akk-a-mei i 1951) og «Alle søte Tronhjemspiker» (Cassa Rossa 1929) var likevel kjente tonar for dei fleste.

Gutane frå Voss, det er karar som er svære.
Gutane frå Voss, dei kan prata som ein foss.

– Etter kvar UKE hadde me alltid «tulledagen» som var kun for oss som hadde vore med på UKA. Då kan de jo sjølv tenke dykk kva teksten i «gutane frå voss» blei bytta ut med, fortel Espelund.

Eit krafttak for visene

Arne Espelund er ein liten samfundetskatt og hans brennande engasjement både for Samfundet, UKA og studenterviser skin godt gjennom.

“Trondhjæm, Trondhjæm, at æ reist i fra dæ,
at æ koinna finn på nåkka slekt!
Når æ tænke på ka godt du ga mæ,
e det som æ læste dekt!“
– «Hjemve» (Odd Nansen, *BiNG BANG* 1925)

– Den blei jo skriven allereie i 1925, av han Odd Nansen, han var jo sonen til Fridtjof Nansen veit du, seier Espelund.

Kor viktig nett denne visa er let seg kanskje best oppsummere av Studentersamfundet i Trondhjem gjennem 25 år. «Den udødeligste visen av de mange gode fra Bing-Bang er dog kanskje den hvor en stakkars trønder udi fremmed land (Pætti) tolker sin lengsel og hjemvé. Det er ingen overdrivelse å si at dette refreng blev folkevise i Trondhjem.»

– Det var alt eg hadde tenkt me skulle syngje i dag, avsluttar Espelund etter ein knapp time som gjekk forbi så alt for fort.

– Me kunne godt holdt på ein time til, seier nokon på første rad.

Og litt meir synging blir det, trekkspelet drar i gong med både «Gratulerer med dagen» og «Ja må han leva». I morgon fyller nemleg Espelund heile 86 år. Eller, som han sjølv seier, 87 år om du tel med det året på Toten.

Powered by Labrador CMS