– Hendingane i dag tidleg gjorde at vi samla oss her
Etter den russiske invasjonen av Ukraina tidleg torsdag morgon heiv leiar Olga Mosand i den ukrainske foreininga i Trondheim seg rundt og ringte politiet for å få løyve til å ha markering på Trondheim torg.
På kort varsel møtte folk opp med ukrainske flagg på Torget og delte ut flygeblad.
Mange av dei oppmøtte snakka i telefonen, og andre såg ut til å oppdatere seg på dei nyaste hendingane på mobiltelefonane sine.
Leiar for foreininga Olga Mosand er blant dei oppmøtte på torget. Tidlegare i dag fortalde Mosand til NRK at det som skjer er sjokkerande og veldig trist. Til Under Dusken fortel ho at ho held kontakten med faren sin og andre familiemedlemmar over telefon heile tida. Medan vi pratar med ho blir ho avbrote av nok ein telefon.
Maria Mosand, dotter hennar, forklarar vidare med alvorsam mine at dei er i sjokk, og at ingen eigentleg veit heilt kva som skjer. Den ukrainske foreininga vil sannsynlegvis treffast fleire gongar no framover, og at er eit viktig fellesskap for dei som er samla på Torget i dag.
Ein anna oppmøtt fortel at dei deler ut flygeblad med QR-kode, med lenke til det han seier er meir truverdig informasjon, fordi det er mykje falsk informasjon der ute.
Den ukrainske foreininga i Trondheim har planlagt ei ny markering på Trondheim Torg laurdag. Målet, seier dei, er å synleggjere ukrainsk språk og kultur, og å uttrykkje samhold med andre ukrainarar i Noreg.