STILLE: Når tusenvis av studentar dreg heim til familie, eksamensfri og sommarjobb, blir det roleg på campus fram til immatrikuleringa.

Under Dusken tek sommarferie

Me ynskjer alle lesarane våre ein god sommar og kjem tilbake med nye saker på nett og i magasin til semesterstart.

Det har vore eit hendingsrikt semester, men no treng både de lesarar og me i redaksjonen å fokusere på eksamenslesinga før me endeleg tek sommarferie.

Du kan plukke opp haustsemesterets første magasin 13. august, og følgje med på nett frå semesterstart. Fram til det kan du lesa tidlegare utgåver av Under Dusken i magasinarkivet.

Dersom du treng eit avbrekk frå eksamenslesing eller saknar trondheimslivet heime på ferie kan du ta ein titt på våre mest leste saker dette semesteret:

1. Sorry, jeg er ikke mammaen din

Under Buksen-spaltisten undrar seg over mannlege seksualpartnarars entusiasme over kvinnebryst.

2. Studenter angrepet av innbruddstyver

Forhåpenlegvis står studenthybelen urørt medan du er heime i sommar. Det kan likevel vera lurt å ha forsikringa i orden. 

3. Ingen nåde, alt øl til polet

Er det sol er det lov, song Postgirobygget. I følge ein av Under Duskens journalistar flyt alkoholen for fritt i dagens samfunn.

4. Neonmaling i ansiktet og sæd i håret

Om du nokon gong har angra på eit eingongsligg, er denne til deg.

5. Reagerer på selvtesting på HC-toalett på Dragvoll

At ein brukar handikaptoalett til alt anna enn det det er til, er i følge våre kjelder eit ganske vanleg problem.

Powered by Labrador CMS