Start helga med litt surferock

Albumaktuelle Short Skirts vitjar Nesten Helg-studio i dag klokka 15.

Publisert Sist oppdatert

Nokre av dei kjekke gutane i Short Skirts kjem på vitjing. I slutten av forrige månad slapp dei endeleg debutalbumet sitt, Family Values. Deira deilige surfrock har gleda mange hjarter sidan. Me skal ta ein liten prat med bandet, finne ut kva dei tenkjer og føler nett no, og er me svinheldige spelar dei kanskje live i studio.

Elles blir sendinga spekka med anna bra musikk, studentnytt og generell moro.

Sit ned i godstolen eller kvar det måtte høve, skru på DAB-radioen din mellom klokka 15-17, og høyr oss live på Radio Revolt! Du kan som vanleg streame sendinga kor tid som helst ved å gå inn her.

Powered by Labrador CMS