Debatt

Wistingfeltet – ei klimabombe

Wistingfeltet er det nye oljefeltet Equinor har planar om å byggje i Barentshavet. Oljefeltet kjem til å vere gigantisk, og ikkje bidra positivt for å nå klimamåla våre.

Publisert

Feltet skal etter planen produsere olje frå 2028 og fram til 2058. Målet er at verda skal vere karbonnøytral innan 2050. Her skal ein altså produsere olje i åtte år etter dette, noko som ikkje gjev meining dersom vi skal nå målet. I tillegg skal feltet produsere olje som ikkje kan bidra til å bytte ut kol. Utsleppa frå forbrenning i utlandet vil vere på om lag 200 millionar tonn CO2. Det er heile fire gongar så mykje som Noreg sitt årlege utslepp og tilsvarar 50 kolkraftverk. Verda må kutte utsleppa sine mykje raskare enn ein gjer no, og ein har ikkje tid til å tillate utsleppa frå Wistingfeltet, som vil vere enda ei klimabombe.

Equinor har ein plan om å elektrifisere feltet med straum frå land, noko som med dagens straumkrise ikkje verkar som ein kjempegod idé. Fornybar energi er ein avgrensa ressurs, og ein burde difor bruke verdifull rein kraft til grøne næringar på fastlandet, heller enn å forlengje oljealderen. Verken naturen eller klimaet vårt vil tole enda fleire oljefelt så langt nord. Det har aldri hasta meir å satse på ressursar og arbeidskraft inn i berekraftige næringar.

LES OGSÅ: Skatteetaten og Brønnøysundregistrene vil nå unge i en virtuell verden

Wistingfeltet er planlagt 300 km frå finnmarkskysten og berre 50 kilometer unna iskantsona. Det er eit spesielt sårbart område med eit unikt biologisk mangfald; ein kan sjå på det som Noreg sin regnskog. Eit oljefelt så langt nord er risikofylt, både på grunn av store avstandar og hardt vêr. Dersom det skjer ei ulukke, er det ikkje berre menneske som er utsett, men også fugl og fisk som kan verte alvorleg ramma av eit potensielt oljesøl. Konsekvensane av ei ulukke kan vere katastrofale med tanke på utfordringane knytt til beredskap. Dagens regjering favoriserer oljeindustrien framfor den grøne omstillinga. Det er eit kjempeproblem.

Vi studentar bør krevje at Stortinget stansar utbygginga av Wistingfeltet, då det er vi som må leve med dei potensielle konsekvensane i framtida. Det er på ingen måte forsonleg med Noreg sine klimamål og behovet for ei raskare grøn omstilling. Vi burde satse på å ha grøne næringar i nord, heller enn å verte meir avhengige av ein industri med utløpsdato. Arktis er Noreg sin regnskog og viktig for det biologiske mangfaldet. Difor bør vi stå opp for eit oljefritt Arktis utan klimabomba Wistingfeltet.

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS